Hopp til innhold

36 må punge ut etter første veke av skuleaksjonen

Eitt førarkortbeslag, to melde bilførarar, 25 fartsbøter og ni gebyr for manglande bilbelte/dokument. Det er fasiten etter første veka av «Aksjon skulestart».

Laserkontroll på Egge

AKTIVE: Det har vore mange fartskontrollar langs vegane i fylket denne veka. Aksjon skulestart vil halde fram også komande veke.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Politiet og Utrykkingspolitiet har denne veka kontrollert over 1.300 køyretøy i kontrollar ved fleire skular i fylket.

Førarkortbeslaget knyter seg til ein bilist som vart målt til 81 km/t i ei 50-sone i Skjolden. Vedkommande vart også meld for fartsoverskridinga.

– Urovekkande mykje høg fart i nærområda ved skular og nedslåande med tanke på mobilbruk, seier politioverbetjent og trafikkoordinator i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes.

81 harde på gassen

Trond Hatlenes

KOORDINATOR: Politioverbetjent Trond Hatlenes er trafikkoordinator i Sogn og Fjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– På den andre sida ser vi positiv framgang frå i fjor med tanke på bruk av bilbelte. Foreldre må likevel setje seg meir inn korleis ein stiller inn barnesete og strammar og plasserer bilbeltet, seier Hatlenes.

Det er ikkje berre rundt skulane politiet har gjennomført kontrollar denne veka.

Summerer ein opp alle Twittermeldingane frå politiet har 81 bilførarar fått fartsbøter på vegane i fylket, medan bruk av handhalden mobiltelefon har kosta 16 bilførarar 1.650 kroner.

22 bilførarar må betalte gebyr for manglande bruk av bilbelte eller dokument.

Kontrollane held fram

Kring ein tredjedel av fartsbøtene er altså skrivne ut i kontrollar ved skular. «Aksjon skulestart» er ein årleg nasjonal aksjon for ein tryggare skuleveg.

– Ein vil også neste veke merke at skulane får ekstra fokus hos politiet, seier Hatlenes.

På generelt grunnlag seier Hatlenes at fartsoverskridingane ofte er knytt til uoppmerksamheit, dårleg tid eller dårlege haldningar til fartsgrenser og trafikkreglar.

Han oppmodar alle som ferdast i trafikken om å senke farten og vere med på å gi ungane ein trygg skuleveg.

– Ein ynskjer gjerne å tru at publikum køyrer penare forbi skulane, men resultata her viser at det nødvendigvis ikkje er slik, seier han.