Hopp til innhold

35 lærarar blir overtalige i den vidaregåande skulen frå hausten

35 lærarar kan i verste fall stå utan jobb til hausten som ein følgje av kutt i tal klassar og færre elevar i den vidaregåande skulen i fylket.

Sogndal, Hafstad og Dale vidaregåande skular

KLASSEKUTT: Det blir større endringar ved fleire av dei vidaregåande skulane i fylket frå hausten.

Foto: NRK

Klassar innan ulike vidaregåande fag over heile fylket vart i dag vedteke lagt ned av hovudutval for undervisning. Mellom anna mistar både Stryn og Luster klassar i matfag.

– Det samsvarar med elevane sine søknader til dei ulike skuletilboda i fylket og det samsvarar med det utlyste tilbodet som kom i haust,. seier utvalsleiar Norvald Nøringset (SV) til NRK.

Løyver til omstilling

Men klassekutt fører til at så mange som 35 pedagogar kan vere overtalige. Politikarane var under møtet i dag opptekne av kva følgjer dette kan få for dei som vert råka.

Alf Reidar Myrstad

TILLITSVALD: Alf Reidar Myrstad.

Foto: Kristin Eide / Eid kommune

– Det er færre elevar i fylket som skal byrje på vidaregåande. Det betyr at det er færre klassar og då er det færre lærarar. Vi må gjere tiltak for å gje tilbod til dei lærarane som står utan klassar og elevar til hausten, seier Nøringset.

Hovudutvalet vedtok å løyve 2,8 millionar kroner i omstillingsmidlar for å handtere overtal og eventuelle oppseiingar som ein følgje av klassekutta.

Det gler hovuedtillitsvald for Utdanningsforbundet sine medlemer i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane, Alf Reidar Myrstad.

Ser med uro

Alt i morgon vil han gå i gang med å leggje kabalen for dei som vert overtalige.

– Vi ser på dette med uro når det blir så omfattande. Utlysing av tilbodet vart jo lagt fram i haust, så vi visste jo at vart store endringar til våren, så vi har jo alt hatt ein runde på det ut mot skulane. Men det er klart at når vi kjem opp mot 35 brutto overtalige, så blir det ein alvorleg jobb for oss å handtere det, seier Myrstad.

– På kva måte kan ein unngå oppseiingar i eit slikt tilfelle?

– Det vi er veldig glade for er at hovudutvalet løyvde midlar til omstillingsarbeid. Det vi håpar å få til er satsing på etter- og vidaregutdanning og hospitering i bedrifter, og at vi klarer halde på den arbeidskrafta vi har, seier Myrstad.