Hopp til innhold

34 seglskuter vitja Måløy i helga

MÅLØY (NRK): Denne helga har 34 seglskuter frå heile verda vitja hamner i Vågsøy kommune. Mannskapet om bord i båtane har fått utfalde seg i fotball, musikk og piratshow.

Cruise in Company

34 SKUTER: Bandsjef for mannskapet om bord i seglskuta Guayas, prosjektleiar for Cruise in Company, Laetitia Rosing, og operasjonsoffiser på Guayas, Guillermo Miranda, er svært fornøgde med arrangementet i Måløy i helga.

Foto: Marianne Rotihaug

I år er Ålesund ei av vertshamnene under The Tall Ships Races. Skutene som har vitja byen skal no vidare til Kristiansand, og difor melde Måløy seg som ei hamn der skutene kunne stoppe undervegs.

– Vi inviterte båtane til Cruise in Company og tok sikte på å lage ein seglskutefestival, noko eg meiner har gått over all forventing, seier prosjektleiar for arrangementet, Laetitia Rosing.

Skuter frå heile verda

Rosing hadde håpa at rundt 20 båtar skulle ankre opp i Måløy, men heile 34 skuter frå alle verdshjørner tok ein ekstra stopp på ferden mot Kristiansand.

– Vi har hatt båtar frå Eduador, Brasil, Nederland, Tyskland, Polen, rett og slett frå heile verda, fortel ho.

Leiinga for festivalen meiner publikum har teke godt imot både skuter og mannskap. Gjennom helga har det vore fleire ulike hendingar i kommunen.

– Vi har hatt piratshow om bord i russiske Shtandart, vi har arrangert fotballturnering, der mannskap frå dei ulike skutene deltok og i dag skal det vere konsert med mannskapet om bord i Guayas, seier Rosing.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cruise in company 2

LIKAR SEG I MÅLØY: Operasjons offiser på Guayas, Guillermo Miranda, og prosjektleiiar for Cruise in Company, Laetitia Rosing, på skuleskipet som skal ligge til kai i Måløy fram til tysdag.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Stas med ulikskapar

Prosjektleiaren tykkjer det har vore stas å ta imot så mange skuter, som er så ulike kvarandre.

– Vi har både dei svært moderne skutene, men også dei som er replika av seglskuter frå 1703. Vi har gjort ein jobb ved å invitere dei, så det er kjekt at så mange har kome til vår hamn, seier Rosing.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

Cruise in company 2015 - Måløy
Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Inne i messa i det ecuardorianske skipet Guayas er borda pynta med dukar med broderte bilete av seglskuta, som er eit skuleskip for den ecuardorianske marinen.

Skipet starta seglasen frå Ecuador den 10. mai, og har vore innom Havanna, New York, Belfast, Ålesund og no Måløy. Mannskapet skal ikkje returnere til heimlandet før 1. mars 2016.

– Dette er eit skuleskip der neste generasjons marinesoldatar trenast opp. Vi har hatt ein veldig fin tur så langt, men nokre av kadettane slit med sjøsjuke når havet er tøft, seier operasjonsoffiser på Guayas, Guillermo Miranda.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mannskapet på Guayas

BÅT-BANDET: Mannskapet om bord på Guayas skapar liv og røre med sambamusikk.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Glad i kultur og natur

Mannskapet på den 76 meter lange skuta er godt nøgde med velkomsten dei har fått i dei norsk hamnene.

– Når vi viser vår kultur, vårt skip og våre segleferdigheiter smiler alle og er glade, og i slike omgjevnada som den norske naturen er det spesielt kjekt, fortel Miranda.

For mannskapet om bord er musikk og kultur viktig. Kvar morgon startar dei dagen med å høyre på nasjonalsongen til landet dei er i, samt synge sin eigen nasjonalsong.