NRK Meny
Normal

32 mistar jobben etter dørfabrikk-konkurs på Årdalstangen

Dørprodusenten Dooria har bestemt seg for å leggje ned drifta av fabrikken i Årdal etter store økonomiske tap.

Dooria på Årdalstangen 2007

LEGG NED: Styret i Dooria Årdal AS vedtok i dag å leggje ned drifta og krevje verksemda konkurs.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Styret i Dooria Årdal AS har i dag beslutta å krevje oppbod i bedrifta etter at eigarane i Dooria-konsernet og finanspartnarane har sagt nei til å gå inn med mer pengar.

32 tilsette mister jobben ved dørfabrikken, som skulle bli ein av dei store flaggskipa i den store omstillingsprosessen i Årdal som Arbeidarpartiet og statsminister Jens Stoltenberg stod bak.

Mange millionar

Innovasjon Norge gjekk i alt inn med 13 millionar kroner i reine tilskot til etableringa av fabrikken i 2006. Noko som fekk både konkurrerande verksemder og opposisjonen i Stortinget til å reagera sterkt.

Selskapet Credo Partners gjekk for eit år sidan inn med 45 millionar med frisk kapital i fabrikken, men no såg ikkje selskapet anna råd enn å krevje oppbod - noko som i realiteten tyder at fabrikken er konkurs.

Rekneskapstala frå 2009 syner at fabrikken hadde ein omsetnad det året på 44 millionar, men samstundes eit driftsunderskot på heile 30 millionar kroner.

Ikkje lønsam

– Det er ei relativt enkel forklaring på dette. Vi har jobba med fabrikken for å få den til å bli lønsam. Grundig analyse no eit par månader og konklusjonen er at det ikkje er mogleg å få det til, seier seniorpartner i Credo Partners, Jon Bjørstad, til NRK.

- Vi ser inga framtidig løysing for ein fabrikk av denne typen i Årdal, og har dirfor kome til at vi ikkje lenger kan finansiere dei enorme underskota ved bedrifta, seier Bjørstad.

Trist og leit

Tillitsvald for forbundet Ledelse og Teknikk ved Dooria, Morten Tvervaag, seier til NRK at konkursen ikkje kom overraskande.

– Men dette er sjølvsagt trist og leit, seier Tvervaag, som orienterte sine kolleger om konkursen

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.