NRK Meny
Normal

32 mål på fire kampar

Laurdag ettermiddag vart det spelt fire kampar i 3. divisjon

Førde - Kaupanger

Førdespelaren Eirik Fraas skåra det første målet i kampen etter 14. minutt.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Og det vart storsiger til Førde, Årdal og Tornado Måløy. Måla fossa inn, og motstandarane vart nærast overkøyrde.

Tre med hat trick

I Måløy vart det hat trick då Sveinung Frantzen i løpet av kampen skåra tre mål. Også Førde-spelarane Steinar Tenden og Sander Solvik klarte det same.

Tornado Måløy toppar tabellen

Etter sju kampar leiar Måløylaget tabellen med 19 poeng. Stryn ligg på andre plass med 15. poeng, Førde har 13 poeng og ligg på 3. plass. Høyang har også 13 poeng på fjerdeplassen på tabellen.

Vik, Kaupanger og Florø ligg sist på tabellen.

Tabllen for 3. divisjon finn du her

Kampen mellom Høyang og Stryn starta klokka 14.

Høyang - Stryn 3-2

  • 10. minutt: 1-0 ved Alexander P. Øren
  • 24. minutt: 2-0 ved Thomas Frichsen, straffe
  • 35. minutt: 2-1 ved Petur Heidar Kristjansson, straffe
  • PAUSE
  • 69. minutt: 2-2 ved Petur Heidar Kristjansson
  • 73. minutt: 3-2 ved Kristoffer Lønning
  • SLUTT

Les meir om kampen her: Høyang-siger over Stryn

Desse kampane starta kl. 16:

Tornado Måløy - Vik 9-1

  • 35. minutt: 1-0 ved Sveinung Frantzen
  • 40. minutt: 2-0 ved Gisle Myhre
  • 44. minutt: 3-0 ved Eirik Holvik
  • Pause
  • 61. minutt: 4-0 ved John Martin Gil
  • 67. minutt: 4-1 ved Martin Hove
  • 68. minutt: 5-1 ved Sveinung Frantzen
  • 74. minutt: 6-1 ved Sveinung Frantzen
  • 79. minutt: 7-1 ved Magnus Magnusson, straffe
  • 83. minutt: 8-1 ved Joachim Forthun
  • 85. minutt: 9-1 ved Joachim Forthun
  • Slutt

- Tornado Måløy styrte det meste i kampen og vann fortent. Det var totaldominas og i andre omgang var knapt Vik over midten, seier Mangne Elde som er dagleg leiar i Tornado Måløy.

Årdal - Eid 5-0

  • 14. minutt: 1-0 ved Kim Teigen
  • 44. minutt: 2-0 ved Preben Strypet. straffe
  • Pause
  • 79. minutt: 3-0 ved Terje Andreas Jevnaker
  • 86. minutt: 4-0 ved Harald Lødemel
  • 90. minutt: 5-0 ved Preben Strypet

- Fortent leiing til Årdal etter første omgang. Laget hadde dei fleste sjansane. I andre omgang var Eid meir med. Men då Årdal skåra det tredje målet mot slutten av omgangen, punkterte det kampen. Eid gav opp, og Årdal skåra to til. Det var ein fortent siger, Jan Kåre Stedje som er sportsleg leiar i Årdal FK.

Førde - Kaupanger 12-0

  • 14. minutt: 1-0 ved Eirik Fraas
  • 15. minutt: 2-0 ved Steinar Tenden, straffe
  • 17. minutt: 3-0 ved Gisle Isene
  • 23. minutt: 4-0 ved Steinar Tenden
  • 27. minutt: 5-0 ved Steinar Tenden
  • 32. minutt: 6-0 ved Thor Jørgen Spurkeland
  • Pause
  • 53. minutt: 7-0 ved Eirik Fraas
  • 70. minutt: 8-0 ved Sander Solvik
  • 83. minutt: 9-0 ved Sander Solvik
  • 88. minutt: 10-0 ved Gisle Isene
  • 90. minutt: 11-0 ved Ruben Holsæter, straffe
  • 92. minutt: 12-0 ved Sander Solvik

Kampen var ein einvegskøyring, der det ikkje var nokre store sjansar for Kaupanger.

- Kaupanger hadde ein brukbar sjanse i andre omgang. Eit resultat på 12-0 seier seg sjølv, og det kunne fort vore mykje meir, seier Kai Vidar Nygård som såg kampen.

Les meir om kampen her: - Det vart for mange baklengsmål

Førde - Kaupanger

2-0-målet, straffe ved Steinar Tenden.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Førde - Kaupanger

Etter 17 minutt var stillinga 3-0 til Førde. Målskårar var Gisle Isene.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

I går spelte Fjøra mot Jølster i Sognahallen . Kampen mellom Sogndal 2 - Florø vert spelt tysdag 2. juni.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.