Natt til onsdag døydde ein 53-åring etter å ha delteke på eit drikkelag i Måløy. Samtidig vart ei kvinne innlagt på sjukehus med livstrugande skader. Politiet rykte ut og åtvara alle mot å drikke smuglarsprit fordi dei frykta at spriten kunne vere livsfarleg, og onsdag kveld vart 31-åringen arrestert. Stautland seier at mannen melde seg sjølv fordi han hadde mistanke om at han kunne ha selt sprit som hadde hamna i drikkelaget.
På bustaden til mannen vart det funne 100 liter med sprit og 5-6 tusen ulovlege sigarettar - og i går vart det funne ytterlegare 30 flasker i ein låst tilhengar under Måløybrua. Stautland seier mannen har erkjent kjøp av smuglarsigarettar, men at langt frå all spriten er smuglarsprit.