3000 lærarar streikar

I morgon vil 3000 lærarar i Sogn og Fjordane streike i protest mot KS sitt forslag til nye arbeidstidsreglar.

Fylkesleiar Per Halse i Utdanningsforbundet seier streikeviljen er stor i fylket.

- I morgon får vi full oppslutnad blant våre medlemmer for ein protest mot KS for dei provokasjonane som har kome mot lærarane, seier han.

Klasserom
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Protest mot nye arbeidstidsreglar

Frå klokka 12 vil lærarane leggje ned arbeidet, og det vil bli markeringar over heile fylket. Bakgrunnen for streiken er Kommunenes Sentralforbund  (KS) sitt forslag til nye arbeidstidsreglar for lærarane.

- Dei vil innføre ei arbeidstid som vi meiner ikkje passar for skulen.

- Provokasjonar mot oss

Per Halse seier forslaget er dråpen som har fått begeret til å flyte over for lærarane.

- Det er summen av dei provokasjonane vi meiner har kome mot oss, både når det gjeld arbeidstid og lønssystemet vårt, der dei vil fjerne opparbeidde rettar, seier Halse.

 Ulovleg streik, meiner KS

Forhandlingane om arbeidstida er ikkje over enno, og KS meiner difor at streiken er ulovleg. Det skremmer ikkje Halse.

- Vi meiner det er lovleg til det motsette er bevist, og streikeviljen er heilt på topp blant våre medlemmer, seier fylkesleiaren i Utdanningsforbundet.