Hopp til innhold

3000 har allereie gjort det - trur mange vil røyste ved valet i år

Det er ei jamn tilstrøyming av personar som vil førehandsrøyste til stortingsvalet i år.

Kommunevalget 2011

MANGE HAR RØYSTA PÅ FØREHAND: Valkommentator Knut Henning Grepstad trur mange vil nytte røysteretten i år.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Fleire av kommunane ventar auke i talet personar som leverer røysta si før sjølve valdagen. Dei første 14 dagane er 2936 røyster levert i Sogn og Fjordane. 78 400 personar har rett til å røyste i fylket.

Valkommentator Knut Henning Grepstad, seier førehandsrøystene er viktige.

– Ved førre val hadde 25 prosent røysta på førehand. Det å få fram at mange deltek i valet, er viktig for demokratiet, seier han.

Trur mange vil røyste

Knut Henning Grepstad

TRUR PÅ STORT ENGASJEMENT: Valkommentator Knut Henning Grepstad, seier førehandsrøystene er viktige.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Det finst ikkje samanliknbare tal for førehandsrøysting på dette tidspunktet frå førre stortingsval i Sogn og Fjordane, men i Oslo har dei tal som syner at talet førehandsrøyster er dobbelt så stort som for fire år sidan.

– Eg trur dette viser eit sterkt engasjement. Valkampen denne gongen står på mange måtar mellom to ulike løysingar når det gjeld regjeringa. Dette er ei reindyrka problemstilling som kan engasjere veljarane. Det kan bli eit brukbart frammøte den 9. september.

Bra inntrykk i kommunane

Dei store kommunane i Sogn og Fjordane seier dei har jamn tilstrøyming av folk som vil førehandsrøyste, og inntrykket er bra.

Fleire seier og at dei trur på fleire førehandsrøyster ved dette valet. Det trur også Grepstad på.

– Ja, det kan eg tenkje meg. Engasjementet i forhold til korleis Norge skal styrast dei neste fire åra, er minst like sterkt i Sogn og Fjordane som i Oslo.