Ungdommar frå heile Sogn og Fjordane samlast i Operahuset Nordfjord 20. - 22. april. Dei skal vise fram 102 sceneinnslag og 69 utstillingsgjenstandar på Ungdommens kulturmønstring (UKM).
Fire konsertar
Det store ungdoms- og kulturarrangementet brakar laust fredag ettermiddag med opning av utstilling, og den første av til saman fire sceneframsyningar. Så går det slag i slag heilt til søndag ettermiddag.
- LES OG:
Eige Lutt-show frå NRK
Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane skal sende alt frå UKM på nettet. Stian Sjursen Takle frå Lutt og Wilhelm Støylen er programleiarar for UKM-showet som vert sendt rett i forkant og etter konsertane. Ronny Brede Aase frå NRK P3 er programleiar for framsyningane.
- Vi gler oss veldig til denne helga. Her kjem nokre av dei mest talentfulle ungomane i fylket for å gi oss god underholdning. Det blir både musikk, dans, film og kunst i ei flott blanding, seier programleiar Stian Sjursen Takle i NRK.
Klikk på biletet under for å bli med til regikontrollen til Sogndal vidaregåande på UKM.
Alt som skjer på scena vil bli sendt direkte i nett-tv produsert av elevar frå medialina ved Sogndal vidaregåande skule. I tillegg vil det på NRK sine nettsider bli mulig å kommentere og stille spørsmål til ungdomane som deltar.
- LES OG:
- LES OG:
Stor variasjon
Varierte kulturopplevingar står i kø, seier UKM-arrangør Helga Didrikke Sundal. Det blir det mykje popsong, men blant dei 102 sceneinnslaga finn ein også til dømes dans, folkemusikk, videoar, standup, jazz, metal, klassisk musikk, litteratur og punkrock. I utstillingslokalet kan folk kvile auga på 69 ulike kunstarbeid, mellom anna måleri i ulike teknikkar, skulpturar, teikningar, broderi, trykk, trearbeid, keramikk, collage og fotografi.
Jury sender vidare
Ungdommens kulturmønstring er ingen konkurranse eller «talentiade», men to juryar skal likevel vurdere sceneinnslaga og utstillingsgjenstandane. Dei avgjer kven som skal representere Sogn og Fjordane på den store UKM-festivalen i Trondheim i slutten av juni. Årets scenejury er sett saman av Madelene Berg, Laila Beathe Førde, Ane Jørgine Frøyen og Stig Ese Eliassen. I utstillingsjuryen sit Tommy Bredesen og Elisabet Berg.
Tidsskjema for UKM-sendingane:
Fredag klokka 18.50(Deltakarar frå Eid, Stryn, Bremanger, Vågsøy, Gloppen og Sogndal.)
Laurdag 12.20(Deltakarar frå Førde, Askvoll, Luster, Solund, Gulen, Jølster, Høyanger og Gaular.)
Laurdag 18.50(Deltakarar frå Fjaler, Aurland, Hornindal, Hyllestad, Lærdal og Årdal.)
Søndag 12.20(Deltakarar frå Hornindal, Selje, Førde, Flora, Naustdal og Leikanger.)
Konsertane varar i omlag to timar.