Hopp til innhold

300 lynnedslag førte til mange brannar og ein travel kveld for brannvesenet

Måndag kveld vart ein uvanleg travel sumarkveld for Alarmsentralen og brannvesenet.

Lyn og brann

KONSENTRERT: Mellom klokka 19 og 21 måndag kveld var lynet konsentrert rundt Sunnfjord og Sognefjorden. Det førte til fleire brannar, og ein travel kveld for brannmanskap og Alarmsentralen.

Foto: Sintef/NRK

– Det var ein hektisk kveld. Det vart ingen store og dramatiske brannar, men vi fekk på eit tidspunkt 40 meldingar om same brann på same tid, seier Jan Gunnar Holvik, vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Måndag brann det fleire stader i fylket etter uvêr og lynnedslag.

Travel kveld for brannvesenet

Ein brann ved Movatnet i Førde starta etter lynnedslag ved ein sendar. Brannmannskap måtte lenge vente lenger nede av fare for nye nedslag ved sendaren.

– Det byrja med at vi vart kalla ut til lia over vatnet i Movatnet. Før vi hadde fått mannskap opp kom det regnbyer og tok brannen. Det var svært ulendt, vi hadde måtta vente uansett, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg

Det brann også i ein garasje i Førde, men her er det noko uvisst om det er lynnedslag som er årsaka.

– Etterpå vart vi kalla ut til garasjebrannen. Då var heldigvis enkelte av oss att på stasjonen, og vi hadde kort utrykkingstid, seier Øberg.

Men det stogga ikkje der. Dei fekk også ei oppkalling om ein brann på Hafstadfjellet. Då kalla vakthavande ved Alarmsentralen ut luftambulansen som var i nærleiken.

– Det var berre tåke eller mest sannsynleg damp. Det er ikkje uvanleg med damp når det har vore tørke og varmt terreng før ei kraftig regnbye kjem. Dette var ein kveld over normalen, seier Øberg.

Alarmsentralen fekk også melding om brann i Våtedalen i Jølster kommune, men her var eit bål skuld i meldingane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Her driv brannvesenet å sløkkjer brannen i garasjen.

Foto: Rune Fossum

Måtte ikkje kalle ut fleire folk

I Saurdalen i Balestrand kommune brann det tre ulike stader etter lynnedslaga måndag. Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannane, men hadde i morgontimane tysdag framleis utstyr i området i tilfelle brannane skal blusse opp att.

Til trass for ein svært hektisk kveld, klarte Alarmsentralen seg utan ekstra folk på jobb.

– Vi måtte ikkje bemanne opp. Det er unormalt at så mykje skjer på ein gong, og at vi får så mange henvendingar, seier vaktleiar Holvik, men held fram.

– Seinast i fjor hadde vi noko av den same situasjonen i Høyanger, då ein gras- og lyngbrann starta etter lynnedslag.

– Vi ser klare samanhengar. No har det vore fint vêr lenge og svært tørt. Då brenn det lettare når toreveret kjem om sumaren, seier Holvik.

Ikkje unormalt mykje lyn

Seniorteknikar ved Sintef, Oddgeir Rokseth, seier det ikkje er unormalt med 300 lynnedslag på ein kveld.

– Det er sumaren som er aktivitetstida for lyn og tore. Ei oppteljing syner at 95 prosent av alle lynnedslag kjem i juni, juli og august. Dette er heilt normalt. Lyn om sumaren er eigentleg ein indikator på godt vêr og varme, seier Rokseth.

– Kva skjer når eit lyn slår ned?

– Varm, fuktig luft stig opp og skaper ei opplading av skyene. Til slutt ladar dette seg ut, anten mot bakken eller mellom skyene. Det er fleire utladingar som skjer internt mellom skyene.

Måndag kveld ser han ein klar samanheng mellom kvar lynet slo ned og kvar brannane starta.

– Ja, den største konsentrasjonen var i Sunnfjord langs E39. Det var også ein konsentrasjon ved Hella og Sognefjorden. Det er stor energi i eit lynnedslag, det er jo som ein stor gnist, seier Rokseth.

I tillegg til brannane kan Alarmsentralen informere om mange meldingar om mindre straumbrot og alarmar som har gått mange stader, stort sett i Sunnfjord. Det var sikringar og jordfeil, men ingen større stasjonar vart slått ut.