NRK Meny
Normal

Hundrevis demonstrerte for kvinner si rettssikkerheit i Lærdal

LÆRDAL (NRK): – Eg hadde ikkje trudd det skulle komme så mange, fortel Geir Voldum, far til Andrea Voldum.

Demonstrasjon i Lærdal

– Det var rørande.

Geir Voldum er tydeleg prega etter demonstrasjonen utanfor rådhuset i Lærdal. Totalt møtte 300 personar opp. Dei var samla fordi dei meiner kvinner ikkje har nok rettssikkerheit når det gjeld valdtektssaker.

– Det er vanskeleg å finne ord, eg er stolt over kva Andrea har fått til. Det er heilt overveldande.

Andrea og Geir Voldum

STOLT FAR: Geir Voldum seier at han ikkje hadde forventa all interessa rundt dottera Andrea.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dottera til Geir Voldum, Andrea Voldum frå Lærdal, har gått ope ut om valdtektssaka ho har vore oppe i. Det var onsdag i førre veke at tre menn vart frikjent for valdtekt, men dømd til å betale erstatning i Borgarting lagmannsrett. Saka har vekt kraftige reaksjonar over heile landet.

– Eg trur litt av intensjonen er at andre ikkje skal komme i same situasjon som har vore i. Eg tenkjer at det her kan vere starten på noko nytt, både i rettssystemet og elles, fortel far Geir Voldum.

Stolt over dottera

Han seier at dei ikkje hadde forventa dei reaksjonane som har komme etter at rettssaka var over, men han er trygg på at dottera taklar omtalen.

– Andrea set pris på det. Ho er stolt og rørt, men eg trur ikkje ho heilt var klar over omfanget då ho setje i gong det her. Men ho er ei reflektert og sterk jente, så det klara ho utmerka godt å stå i.

Sjølv meiner faren at saka visar at det er manglar i det norske rettssystemet. I Borgarting lagmannsrett meinte tre meddommarar at dei tre mennene måtte frifinnast for valdtekta.

– Når bevisa er så vanskelege å forstå for ein vanleg mann, bør det skje noko på den fronten, fortel Geir Voldum.

Lokalsamfunnet vil støtte Andrea

– Eg veit kven jenta er. Eg tykkjer det ho har gått igjennom er heilt utruleg, og det må eg støtte.

Det fortel Gerd Skalle frå Lærdal. Ho deltok på demonstrasjonen fordi ho ville fortelje at ho ikkje er nøgd med systemet.

Demonstrasjon Lærdal

APPELLAR: Fleire talte for å fremje si meining under demonstrasjonen i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Eg støttar Andrea fordi ho vel å gå ut offentleg med si sak, slik at det blir kjent korleis systemet fungerer i dag.

Pål Skalle er einig.

– Som mange har vore inne på blir kvinner det svake kjønn. Det er ikkje rettferdig det jentene står over for. Berre det at så mange stiller opp vil understrekar det alle her følar, seier han.

Forsvarar er uroa

Demonstrasjonen i Lærdal er berre ein av fleire rundt om i landet. Totalt har fleire tusen personar demonstrert i løpet av måndagen. Arne Seland som forsvarar den eine av dei tre mennene som blei frifunne, seier til NRK at demonstrasjonane måndag gjer han «svært bekymra».

– Dei bidreg berre til ein endå større lynsjemobb. Vi må hugse at klienten min og dei to andre som var tiltalte, alle er frikjende i to rettsinstansar, seier Seland.

Han har no sendt klienten sin til utlandet, og rår han til å bli verande der.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.