Hopp til innhold

300 helikopterlass må til når det skal byggast nytt på toppen av Skåla

STRYN (NRK): Eit av landets mest spektakulære byggeprosjekt er i gang, 1843 m.o.h.

1848 meter over havet. 75 helikopterlass med maskiner og materiale. Slik skal dei bygge ny turisthytte på Skålatårnet i Loen.

SJÅ TV-REPORTASJE: Meir enn 2600 personar skriv seg kvart år inn i gjesteboka på toppen av Skåla. Snart ventar nye, moderne fasilitetar på fjelltoppen.

– Vi har planlagt logistikken i ni månader. Det er veldig godt å komme i gang, seier snikkar og byggeleiar Bjørn Vike.

Bjørn Vike på Skåla

BYGGLEIAR: Snikkar Bjørn Vike har spesialisert seg på bygging i barsk høgfjellsnatur.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det populære turmålet Skåla i Loen er kjend for sitt karakteristisk bygg, Klaumanstårnet eller Skålatårnet på folkemunne. I dag eigd av Bergen Turlag, reist i 1881 av lokale bønder etter initiativ frå distriktslege Hans Henrik Gerhard Klouman. Men kapasiteten er sprengd og fasilitetane utdaterte.

Ny turisthytte

No skal det byggast ei ny avlastingshytte på Skåla. Nybygget skal ha mellom 20 og 25 overnattingsplassar, i tillegg til fire toalett og kjøkkenfasilitetar. For å kome i mål reknar ein med å trenge kring 300 helikopterlass med materialar og utstyr. Einaste veg opp elles, er stien kjend for motbakkeløpet Skåla Opp.

– Eg har vore med på seks fødslar i mitt liv. Dette minner litt om det same. Det er ein lang, lang prosess, og endeleg er vi i gang her oppe. Dette gler eg meg til, smiler Vike.

Slik ser dei føre seg nybygget på Skåla

SLIK BLIR NYBYGGET: Det gamle tårnet vil framleis vere ope, men kapasiteten blir mangedobla når Bergen Turlag sitt nybygg står klart.

Foto: Arkitekt Eilif Bjørge

Vêret eit problem

Klimaet på fjelltoppen i Nordfjord blir den største utfordringa. Det fekk både bygningsarbeidarar og helikoptermannskapet erfare då ein skulle starte å fly utstyr fredag. Då folket var sett av på toppen, tjukna skodda. Arbeidet med å få dei første helibag-ane til fjells måtte vente til laurdag.

– Skålatårnet er ein av dei mest utsette plassane å reise noko bygg. Det er høgt og veldig vêrutsett med vind. Og det er veldig enkle forhold. Vi har ikkje vatn her oppe, men vi har med to utruleg dyktige sherpaer som er vande til å jobbe i høgda og gå ekspedisjonar i Himalaya. Men det blir ein spesiell stad å jobbe, erkjenner Vike.

Byggearbeid på Skåla

GRAVEMASKIN: Her blir deler av ei gravemaskin løfta på plass på toppen av fjellet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Må bu og jobbe på fjellet

Utover helga vart dei 75 første helikopterløfta gjort for å få utstyr til fjells. Vike og kollegaene slepp å bere det opp. Tankane går til dei som på slutten av 1800-talet bygde det første Skåla-bygget.

– I dag byggjer vi med heilt andre hjelpemiddel. Helikopter, elektrisk verktøy og aggregat. Det er ein heilt anna situasjon. Men den gongen hadde folk betre tid. Vi skal bli ferdige med eit heilt bygg i løpet av nokre få månader, det ville tatt år tidlegare.

Einaste måten å få tidsfristar og logistikk til å gå opp på, er å bli verande oppe på fjellet.

– Vi må bu og bygge her. Vi kan ikkje gå opp og ned kvar dag, og det er heller ikkje flyvêr alle dagar. Det blir sjølvsagt ei utfordring å bu her. Vi får ikkje dusje kvar dag, og vi får ikkje gjort stort anna enn å jobbe. Men dette har eg vore med på før, og eg veit at det er moro å vere på ein slik byggelass, seier Vike som har bak seg ei rekkje byggeprosjekt for Den Norske Turistforening.

Skålatårnet

BYGGEPLASSEN: Slik ser Skåla ut frå helikopter.

Foto: Arne Stubhaug / NRK