Hopp til innhold

300 har vitja Skålabu

Den nye hytta på Skåla, som er kalla Skålabu, har allereie hatt 300 overnattingsgjester, melder Bergens Tidende. Hytta opna 5. oktober. Jamt over har det vore ein god sommarsesong i fjellet, og hausten ser bra ut. – Besøkstala har aldri vore høgare, seier Ingvild Lundeberg Bakke i DNT.