Det vert fødd færre born i Sogn og Fjordane totalt, sjølv om kvinnene i Sogn og Fjordane framleis er på topp når det gjeld fødslar per kvinne.
– Nedgangen i tal fødslar innan Helse Førde dei siste åra skuldast dels nedgang i det samla fødselstal i Sogn og Fjordane, men medverkande er óg at fleire vel å føde born ved institusjonar utanfor fylket, seier avdelingssjef Agnethe Dissing Sættem ved Kvinneklinikken i Helse Førde i ei pressemelding.
Fleire reiser til Voss
Tilbake til 1980 var det om lag 1600 fødslar ved sjukehusa i Sogn og Fjordane. I 2006 var det dette talet på 1067. Førde hadde ein nedgang på 53 fødslar frå året før, Nordfjordeid auka med 19 medan Lærdal hadde ein nedgang på 42. I to av årets månader var det født berre eitt barn i Lærdal.
– Vi ser at fleire kvinner i indre Sogn vel å reise til Voss enn tidlegare. Det er ein del kvinner som er selektert til fødslar på sjukehus med høgre nivå enn fødestova i Lærdal, som vel å føde på Voss framfor Førde. Voss har hatt om lag 40 fleire fødslar frå dette området i 2006 enn i eit normalår, seier avdelingssjefen.
Talet på fødslar ved fødestova i Lærdal var stabilt på rundt 135–130 dei to første åra etter omgjering frå fødeavdeling til forsterka fødestove, men fall til 73 i 2006.
- Fødande vert skremde
Sommar- og jule-/nyttårsstenging av fødestova i fire veker i 2006 er ikkje forklaringa på det låge talet i 2006. Berre tre kvinner som i utgangspunktet skulle ha fødd i Lærdal fekk born i Førde under stengingsperiodane.
– Strenge seleksjonskriteriar gjer at det er trygt å føde i Lærdal, men den negative publisiteten som har vore skapt rundt fødetilbodet ved Lærdal sjukehus har vore uheldig og kan vere ei medverkande årsak til at fleire vel vekk Lærdal, seier avdelingssjefen.
Positivt for Nordfjord
Fødselstala ved Nordfjord sjukehus går igjen oppover for første gong sidan 2003. Då var det 342 fødslar ved Nordfjord sjukehus, medan i 2005 var 268 fødslar. Sist år gjekk dette talet opp att til 287 fødslar.