Odd Roger Enoksen (Foto: scanpix)
- Eg meiner det ville vere uheldig ikkje å løyve midlar til utjamningsordninga for nettleiga. Ordninga er viktig i distriktspolitikken og gir lågare nettleige der overføringskostnadene er høgast. Det seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen i ei pressemelding
Regjeringas forslag er i samsvar med Soria Moria-erklæringa der regjeringa går inn for at nettleiga for straum skal utjamnast for heile landet. Regjeringa har derfor foreslått å løyve 30 millionar kroner til utjamningsordninga for 2006, seier han.