NRK Meny
Normal

30-årsjubilanten har over to minuttar med høgdepunkt

Etter over 30 år i bransjen, er det ikkje lett for musikar, komponist og forfattar Karl Seglem å luke ut eitt høgdepunkt. For dei er mange. Og oppunder jul kjem nok eit høgdepunkt.

Karl Seglem

JUBILANT: Karl Seglem seier han er veldig glad i å stå på ei scene og elskar å spele saman med folk og formidle til eit publikum. – Då kjenner eg meg heil, seier han.

Foto: Norsk Jazzforum

Jubileet markerer årdølen med trippel albumutgjeving, og responsen føyer seg truleg inn i rekkja blant høgdepunkt.

For musikkmeldar Svein Andersen i Aftenposten landa på terningkast 6 , og kalla Karl Seglem ein «musikalsk nasjonalskatt».

– Det er nokså overveldande. Også fordi det er godt skrive, det er grundig, og det er tydeleg at Svein Andersen har høyrt mykje på platene mine. Han har ikkje høyrt berre ein gong, seier 30-årsjubilanten.

Ville smelle til

I år er det 30 år sidan Seglem starta som frilansmusikar. I dag kan 54-åringen også føye til både komponist og forfattar på CV-en sin. Det er blitt over 30 album, 2 000 rikskonsertar og turnear i inn- og utland.

Helge Sunde, Karl Seglem, Stian Sjursen Takle og Stein Jarle Aase

LUTTPRISEN: Karl Seglem, her flankert av Helge Sunde, Stian Sjursen Takle og Stein Jarle Aase, fekk Luttprisen i 2013. – Det har vore 30 flotte år, med mykje jobbing. Eg har aldri hatt ein åtte timars dag, men eg likar det så lenge eg har energi til det og får att så mykje gjennom musikken, seier han.

Foto: Øystein Torheim

Med to ferdige album vart det ikkje heilt tilfeldig at dei tre siste albuma no kjem samla under namnet «JazzBukkBox».

– Eg såg at 30-årsjubileet var der og sette meg ned, la litt is i magen og tenkte at her kan eg smelle skikkeleg til når eg først har halde på så lenge, seier han.

– Eg blir rørt

Og det fengde musikkmeldar Andersen i Aftenposten. Han skildrar klangbilete til Seglem som noko av det mest spennande han høyrer.

– Både det vakre, stille, urovekkande, nesten dystre, det overraskande og det at han heile tida utviklar musikken sin. Det er stadig nye element, seier Andersen og oppmodar fleire til å låne vekk øyret til jazzmusikaren frå Indre Sogn.

– Korleis er det å høyre på dette, Seglem?

– Eg blir rørt. Det er fantastisk at nokon seier det. Då slepp eg å mase. Eg har i mange år masa om at fleire bør gi det ein sjanse. Eg seier berre takk.

Vil søkje vidare

Sjølv kan ikkje Seglem minnast å ha fått ein så inspirerande kritikk for platene sine.

Karl Seglem og Thea Hjelmeland under Spellemann 2014

NOMINERT: Tre gonger, i 2005, 2011 og 2015, vart Karl Seglem nominert til Spellemannprisen. Her saman med Thea Hjelmeland under årets utdeling.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

– Det er fantastisk å få ei slik tilbakemelding, men eg kjenner meg ikkje ferdig. Eg er ikkje ein som sit i sofaen, men ein som prøver å søkje vidare, seier jubilanten.

– Det å finslipe uttrykket og samstundes fornye seg sjølv, kan ein gjere gjennom samarbeid med andre og skrive ny musikk med nye musikarar, legg han til.

Ny låt til Julelutt

Slik som under Julelutt 2013. Året han vart kåra til årets artist i Sogn og Fjordane. Og stod på scena saman med Kringastingsorkesteret.

– Det var ei kjempestor oppleving å få stå i front, med det bandet i ryggen då eg fekk Luttprisen. Eg har ikkje spelt mykje med orkester av Korks kaliber, seier han.

I november står han igjen på scena når NRK skaper ein historisk JuleLutt-konsert i Hydro sine produksjonslokale i Høyanger. Då med ein heilt ny låt.

– Eg gler meg veldig til å utfordre og sjå korleis bukkehornet vil låte. Det er ein slags urlyd som blir sett inn i ein teknologisk eller industrisetting, seier han.