30 år gamal ferje skal ikkje gå i fylket

Norled får ikkje bruke den snart 30 år gamle ferja Ullensvang på sambandet Lavik–Oppedal når selskapet tek over ferjedrifta frå nyttår.

MF "Ullensvang" mellom Halhjem og Sandvikvåg

IKKJE TIL SOGN: Selskapet Norled, som vann anbodet og tek over Lavik-Oppedal frå nyttår, ønskte å setje inn 30 år gamle Ullensvang på sambandet. Men Statens vegvesen har i dag avgjort at selskapet ikkje får lov.

Foto: Lars Johan Storækre

Spørsmålet var tema på eit møte mellom Statens vegvesen og Norled i dag.

– Vi har konkludert med at Norled skal levere det dei har tilbydd på sambandet. Ergo er ikkje Ullensvang ei av ferjene som skal gå på sambandet Lavik-Oppedal, seier Anders Sæternes i Statens vegvesen.

Då Norled vann anbodet på Lavik-Oppedal i konkurranse med Fjord1, var kontrakten at ei av ferjene skal vere driven elektrisk. Dei andre skal vere katamaranferja «Stavanger», bygd i 2003 og ferja «Tidesund» , bygd i 2008.

Gir opp bytte

Men Norled meiner Ullensvang ville fungere betre i Sogn enn på sambandet Sulesund-Hareid. Selskapet har difor bede vegvesenet om å få byte ferjer: «Ullensvang» til Lavik-Oppedal og «Tidesund» på Hareid-Sulesund som før.

Motstanden mot at Ullensvang skal trafikkere Sulafjorden har vore svært stor i Møre og Romsdal.

Etter avgjerda i dag, ser Norled seg ferdige med saka, og kjem ikkje til å ta nye initiativ til å endre dette no.

– Kan ikkje bytte til noko dårlegare

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har tidlegare formulert seg i retning av at eit byte av ferjer kunne vere greitt, dersom partane var samde om det.

Men Statens vegvesen er i dag heilt klare på at saka er avgjort.

– Du må levere etter kontrakten. Eit eventuelt bytte i ein allereie inngått kontrakt må vere like godt som det du skal bytte til. Du kan ikkje bytte til noko som er vesentleg dårlegare enn det som opphavleg låg inne i tilbodet, seier Sæternes.

– Ville det vore tilfelle om Norled hadde fått bytta her?

– Heilt klart, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.