Hopp til innhold

30-40 personar berga ut frå brennande hybelhus

Litt etter klokka 23 i kveld braut det ut brann i eit hybelhus i Førde sentrum. Mellom 30 og 40 personar klarte å berge seg ut frå bygget.

Foto: Geir Bjarte Hjetland, NRK

VIDEO: Det skal ha vore ei større samling folk i bygningen då det byrja å brenne i anten kjellaren eller første etasje i bygningen, ifølgje politiet.

Brann i hybelhus i Førde

STORE STYRKER: Både brannvesen og politi rykka ut til brannen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Store styrkar frå brannvesen og ambulanse rykka ut til huset, som ligg rett bak Coop Mega (Domus) i Førde sentrum. Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 23.08.

Alarmsentralen melde klokka 23.40 at brannen var sløkt, og at då ville ventilere huset før dei tok eit grundig gjennomsøk.

– Det har vore ein stor samling av folk som har hatt ein russe-reunion. Det var samla om lag 30 til 40 personar, og det var fest i alle fall i ei leilegheit i bygget. Det byrja å brenne i sokkeletasjen, som gjorde at det blei veldig stor røykutvikling og folk måtte evakuere bygget, seier politiet sin innsatsleiar Dag Fiske til NRK.

Brann i hybelhus i Førde

RASK UTRYKNING: Brannmannskap frå Førde brannvesen var raskt på plass.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Er alle som var i bygget ute?

– No har vi fått stadfesta at alle som var i bygget har kome seg ut. Det har vore gjort søk med røykdykkarar. No kan vi vere sikre på at det ikkje er folk inne.

Vitner fortel at mange av festdeltakarane var utanfor bygget då brannen starta. Det er fleire hyblar og leilegheiter i huset, samt eit forretningslokale. Ifølgje politiet budde det ni personar i seks-åtte bueiningar i huset.

– Vi har sendt inn røykdykkarar for å gjere finsøk slik at vi er heilt sikre på at det ikkje folk i huset. Men det er ingenting som tyder at det er nokon i huset no, opplyser operasjonsleiar Nils Erik Eggen i Sogn og Fjordane politidistrikt rundt midnatt.

Eggen seier det for tidleg å seie noko om kva som kan ha starta brannen. Etter det NRK forstår tok det fyr i ein høgtalar.

Brannskadd hus i Førde

LAURDAG: Politiet har sperra av bygget i Kyrkjevegen som står til utlufting etter å ha fått røyk- og vasskader. Brannskadene er i hovudsak avgrensa til kjellaren.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK