Hopp til innhold

Slått ut av 3. divisjonslag

Cupeventyret er over for Førde sitt eliteserielag i volleyball for kvinner. – Tambarskjelvar stilte med eit veldig godt lag, seier Førde-trenar Katarzyna Ciesielska.

Førde Volleyball

TAP: Førde VBK sitt eliteserielag for kvinner måtte takke for seg etter søndagens cupkamp mot 3. divisjonslaget Tambarskjelvar. (Arkivfoto)

Foto: Rune Fossum / NRK

Med fleire heimvende spelarar, feia 3. divisjonsklubben frå Naustdal tabelljumboen i eliteserien av bana.

Til slutt stod det 3–0 (25-17, 25–14 og 25-13) til vertane.

– Vi tok ikkje for lett på oppgåva, men vi har eit ungt lag. Det er mange unge som kanskje kjenner stort press på skuldrene i kampane, seier Katarzyna Ciesielska.

Kunne smile

Ei som kunne glise breitt etter oppgjeret, var tidlegare Førde-spelar Hilde Elvebakk. Naustedølen som har sanka poeng etter poeng gjennom fleire år i eliteserien. No har ho byrja på studium som vil krevje fleire helgesamlingar.

Hilde Elvebakk

TILBAKE: Hilde Elvebakk vurderte Førde før seriestart, men valde i staden moderklubben Tambarskjelvar. – Eg har byrja på master i helse- og velferdsleiing. Deltidsstudia går over fire år og vil krevje mange helgar, seier ho.

Foto: Jan Egil Tvinde

– Det var veldig, veldig kjekt. Mykje folk, god stemning i hallen og rett og slett kjempekjekt å treffe att og spele mot gamle kjente, seier naustedølen.

– Vi visste vel eigentleg ikkje kva vi gjekk til. Eg trur det var mange som kjende på nervane i dag tidleg. Vi kom til kampen som underdogs, men så fort vi bikka åtte poeng følte eg at vi hadde grei kontroll, legg Elvebakk til.

Trur ikkje på finale

Tambarskjelvar stiller eit ungt lag i 3. divisjon, men sende eit rutinert mannskap i kamp mot naboklubben Førde.

I tillegg til den tidlegare landslagsspelaren Elvebakk, har åtte tidlegare spelarar gjort comeback for å ta Tambarskjelvar så langt som mogleg i cupen.

Tambarskjelvar takkar publikum.

TAKKAR: Tambarskjelvar fekk god støtte frå tribunen då naborival Førde vart sendt ut av NM-cupen.

Foto: Jan Normann Erdal

– Rutine og servepress vart nok avgjerande, seier Elvebakk og legg til:

– No blir kvartfinalane trekt i morgon, så vi håpar på lettast mogleg motstand. Men det blir nok vel håpefullt å tru at vi går heile vegen til finalen. Vi får ta ein kamp av gangen, seier ho.

I Førde-leiren vedgår trenar Ciesielska at det ventar litt arbeid kommande veka. Neste helg ventar Oslo Volley.

– Jentene er unge og presterer veldig bra på trening. Utfordringa er å få det ut i kamp , seier ho.