Krasja med 2,90 i promille i Førde sentrum

Ein mann i 50-åra køyrde bil midt i Førde sentrum med 2,90 i promille. Turen enda med eit trafikkuhell.

Fjordane tingrett

KØYRDE BIL I RUSA TILSTAND: Ein mann i 50 -ra må sone 40 dagar i fengsel for å ha køyrt bil i rusa tilstand midt i Førde sentrum.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

I desember i fjor køyrde mannen gjennom Førde sentrum og krasja. Blodprøve som vart teken av mannen ein halvtime etter ulukka viste at han hadde ein promille på 2,90.

Mannen frå Sunnfjord er i Fjordane tingrett dømd til 40 dagar fengsel for å ha køyrt bil i rusa tilstand i Førde sentrum.

I tingretten vedgjekk mannen forholdet.

Fullføring av straffa blir utsett med ei prøvetid på to år, på vilkår at mannen gjennomfører program mot ruspåverka køyring. Han er også frådømt retten til å køyre bil i to år og seks månadar, og han må betale 25.000 kroner i bot.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.