Hopp til innhold

29 personar tekne i narkosak i Flora

Ein person er dømd til eit år og sju månadar fengsel, og fleire av dei involverte har fått bøter for bruk og oppbevaring av narkotika, etter at politiet har rulla opp eit større miljø i Florø.

Politi illustrasjonsfoto

AKSJON: Politiet i Florø har i samarbeid med ei gruppe frå Oslo rulla opp eit større narkotikanettverk i Florø.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Ein del av desse er kjenningar, men litt av målet med aksjonar var å identifisere nye brukarmiljø og hindre nyrekruttering inn i miljøet. Så vi har teke ein del unge folk som vi ikkje tidlegare har teke for narkotikabruk, fortel lensmann i Florø, Robert Veset.

Opprullinga starta i oktober, og totalt vart 29 personar tekne i aksjonen. Dei involverte er i alderen 16 til 48 år. Fleire har fått førelegg eller bøter for bruk og oppbevaring av narkotika. Tre personar, i alderen 16 til 20 år, har fått tilbod om ungdomskontrakt. Ein person sit framleis i varetekt i samband med saka.

Beslagla mange typar narkotika

– Ein er dømd til eitt år og sju månadar fengsel for å ha skaffa seg minst 4,2 kilo hasj eller marihuana, og selt tre kilo vidare til andre, fortel Veset.

Dette har kome fram under etterforsking av saka. I tillegg beslagla politiet 93 gram amfetamin, 136 gram hasj, ein del tablettar av ulike sortar, anabole steroidar, marihuana, cannabisfrø og fleinsopp.

Gjennom heile aksjonen har politiet i Florø fått hjelp frå seksjon for organisert kriminalitet i Oslo.

– Dei har spisskompetanse innan narkotika, og vi har fått betre kompetanse lokalt, seier Veset.

Han meiner aksjonen var vellukka, og at politiet no vil halde auge med miljøet for å kunne førebygge at nye brukarar kjem inn, og også gjere ein innsats for å få fleire av dei unge brukarane ut av miljøet.

– Vi er heller ikkje ferdige med alle sakene vi har rulla opp, og held fram med taktisk og teknisk etterforsking, fortel lensmannen.