Hopp til innhold

Straumlaust og utan telefon i fleire kommunar

I fleire kommunar er det umogleg å nå fram på naudlinjene til brann, helse og politi. Eit straumbrot har slått ut ein telefonsentral og 29 basestasjonar er nede.

Telenor har nye problemer med mobilnettet

STRAUMLAUST OG UTAN SAMBAND: I fleire kommunar er det ikkje mogeleg å ringe naudnummer.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Kommunane som er verst råka er Gulen, Hyllestad, Gaular og Solund opplyser politiet som tidlegast seier feilen kan bli retta til klokka 07 – 08.

– Det er svært alvorleg at innbyggjarane er utan straum og ikkje kan nå politiet, brann og lege, seier operasjonsleiar hos Politiet, Trond Hatlenes.

Til feilen blir retta er det lite å gjere anna enn å fysisk skaffe seg hjelp.

– Vi får håpe det ikkje oppstår alvorlege hendingar. Skulle det gjere det må folk vende seg til område der dei kan få hjelpa dei treng – enten politi, helse eller brann.

Hatlenes opplyser at det ikkje finst noko vaktordning, så det er vanskeleg å vite om ein vil få den hjelpa ein treng. Men politiet jobbar med å få kontakt for å få ut folk via satellittelefon.

Ein stasjon nede hos Telenor

I Telenor opplyser informasjonssjef Kristin Vetleseter at ein stasjon er nede og at det medfører at fleire basestasjonar også har slutta å virke.

– Vi har ein sentral i Gulen som er nede og så langt er det registrert at 29 basestasjonar ikkje verkar.

Det skal vere folk på veg ut for å rette feilen, men det er lang køyretid og dårleg føre så det er ikkje mogeleg å seie noko om kva tid feilen kan bli retta. At så mange basestasjonar er nede betyr at det kan vere problem for enkelte abonnentar i fleire kommunar.

– Verst råka er nok Hyllestad og Solund der er alle basestasjonane nede. I Gulen, Askvoll og Gaular er det delvis dekning på mobilsambandet. Florø, Førde, Aurland, Bremanger, Høyanger og Gloppen er det enkeltstasjonar som er ute, slik at der vil dei fleste ha dekning, men kanskje ikkje alle, seier Vetleseter.

Problemet gjeld både fasttelefon og mobilsamband. Så snart sentralen i Gulen får straum vil dei fleste andre basestasjonane byrje å virke.

Helse Førde i beredskap

Helse Førde oppmodar alle som treng hjelp om å prøve å ringe naudtelefonen, men viss ein ikkje får kontakt må ein møte opp på ein ambulansestasjon.

– Så langt har vi ikkje fått melding om at det har vore nokon kritiske situasjonar, seier informasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.

Han viser til at dei følgjer situasjonen og har folk i beredskap.

Straumproblem slår ut samband

Sunnfjord Energi viser til at det er straumlaust i området mellom Sandal og Strand i Jølster på grunn av feil på høgspentnettet. I Gaular er det straumlaust mellom Yndestad og Steinset, Sande – Ørehaug – Mjell på grunn av høgspentfeil. Det blir jobba med feilretting.

Eit område mellom Gravdal og Hestvik i Førde er det straumlaust.

Saka vert oppdatert!