Hopp til innhold

2879 kilometer med opplevingar

Etter 42 dagar på sykkelsetet nådde Kari og mor Signe målet sitt på Nordkapp søndag kveld.

Kari Nordvik Hauge og Signe Hauge

TRASSA DÅRLEG VÊR: Kulde og regn gjorde at sykkelturen innimellom var svært tung, men likevel fullførte dei turen. Her er dei nett komme på Nordkapplatået.

Foto: Privat

Kari Nordvik Hauge og Signe Nordvik la i slutten av mai ut på ei lang sykkelreise som starta på Lindesnes i sør. No har dei altså nådd turmålet på Nordkapp, etter å ha lagt bak seg 2879 kilometer.

– Det er veldig godt å vere framme, men det er litt blanda kjensler. Vi har sett mykje og opplevd mykje, så det er veldig rart, seier Kari.

– Nye opplevingar kvar dag

Kari Nordvik Hauge og Signe Nordvik

FRAMME: Turfølgjet jublar på Nordkapp.

Foto: Privat

Og det har vore god stemning heile vegen, fortel dei. Trass i tunge dagar innimellom har det ikkje vore krangling. I staden har dei fått oppleving på oppleving.

– Det var vore ein fantastisk flott tur. Det har vore ei oppleving frå første dag då vi sykla frå Lindesnes. Det har vore noko nytt kvar einaste dag. Nye opplevingar, nye kilometer, nye folk vi har møtt. Eg synest det har vore veldig kjekt, seier Signe.

Ein så lang sykkeltur er i seg sjølv tung, men for Kari og Signe blei det til tider ekstra tøft grunna vêret som ikkje har vist seg på sitt beste.

– Det har vore ganske kaldt. Det har regna ein del. Vi har ikkje hatt så mange dagar med opphald, dei kan vi nok telje på to hender, men det er den kulda som har vore verst. Vi har måtte sykle med ull og gjerne litt dun og regnklede, fortel Kari.

Trassa regnet og kulden

Eit ønske om å komme litt lenger kvar einaste dag, samt ei knalltøff mor, har hindra dei i å ta pausar når vêret har vore på det suraste.

– Når vi hadde bevegd oss litt inn i Trøndelag og vi skulle ut til kysten igjen, for då begynte det å blåse. Hadde det ikkje vore for at mamma er så tøff så hadde nok sykkelen stått igjen i Namsos, seier Kari og ler.

Artikkelen held fram under biletet

Signe Nordvik

FIN NATUR: Signe og Kari fortel at turen har hatt mange høgdepunkt, og mange av dei inneber fin natur.

Foto: Privat

Ruta var lagt langs kysten, men då dei kom til Trøndelag var det stormvarsel på kysten, og reisefølgjet måtte legge om ruta til Steinkjer.

– Vi kom oss likevel fort ut igjen til kysten, så vi har vore på veldig mange flotte øyer, som til dømes Vega, Træna-øyene, Lofoten, Henja og Andøya. Sjølv om det har vore litt surt vêr så er det ei oppleving og komme til desse plassane og sjå korleis folk lever og bur, seier Signe.

Reiser gjerne på fleire sykkelturar

Kari Nordvik Hauge og Signe Nordvik

GODT NØGDE: Operasjon 'Frå sør til nord med mor' er fullført etter 42 dagar på syklane.

Foto: Privat

Det å kunne besøke slekt og venner undervegs har også gitt dei ny energi til turen vidare.

– Det har betydd veldig mykje å komme til ferdig middag og oppreidde senger. Det har vore færre netter i telt enn vi hadde tenkt, men det fristar liksom ikkje heilt når ein er klissvåt og kleda i sykkelveska er like våte, seier Kari.

Signe trekkjer fram Helgelandskysten og utekveldar med midnattssol som høgdepunkta ved turen. Dei to ser ikkje vekk frå at det blir fleire turar.

– Eg trur det kjem til å bli fleire turar i Norge, for vi har sett mange plassar som vi har lyst å reise tilbake til og det er plassar som vi ikkje har kome til, men som vi har lyst å reise til seinare. Så eg trur nok det at det blir fleire sykkelturar, seier ho.