Hopp til innhold

12 kommunar kan juble over folketalsauke

Medan Eid-ordføraren har fått 60 nye innbyggjarar i sin kommune dette året, må ordførarkollegaen i Solund sjå langt etter folketalsvekst.

Alfred Bjørlo og Ole Gunnar Krakhellen

EIN KAN JUBLE: Alfred Bjørlo (t.v.) kan juble over folketalsauke i sin kommune, men Ole Gunnar Krakhellen har ikkje fått fleire innbyggjarar i sin kommune.

Foto: NRK-montasje

– Det er jo ein veldig hyggeleg julepresang å få. Og det stadfestar jo den trenden vi har sett. Det er veldig mykje bustadbygging, særleg sentrumsnære leilegheiter. Noko av det kjekkaste ein kan oppleve i ein kommune er jo folkeauke, utvikling og at fleire ønskjer å bu her, seier ein glad Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Ved årsskiftet til 2015 er vi 207 fleire her i fylket enn vi var for eitt år sidan, det har Statistisk sentralbyrå rekna seg fram til. 12 kommunar har folketalsvekst medan 14 har færre innbyggarar. (Sjå tabell nedst i saka.)

Kommunane får pengar frå staten ut ifrå kor mange innbyggjarar dei har. Då hjelper det ikkje å stå på staden kvil når folketalet i Norge samla sett veks, forklarar Bjørlo.

– Viss vi skal gje like gode tenester framover, så må vi ha ei auke som er på linje med resten av landet. Då kan vi vere sikre på at vi får nok pengar til å gje gode nok tenester framover.

God regionvekst

Eid kommune er mellom dei som har positiv folketalutvikling. Der har folketalet auka med 60 personar til 5 986.

Også Gloppen har hatt ei folketalsauke på 44 innbyggjarar.

– Eg opplever at det er ein dreiv i regionen. Så det er ikkje nok grunn til å sjå mørkt på framtida på nokon måte. Vi ligg i ein stor bu- og arbeidsmarknadsregion som er positivt for oss, seier Bjørlo

Katastrofalt låg vekst

Sjølv om fylket har ei folketalsauke på 207 innbyggjarar, meiner venstrepolitikaren at det er eit katastrofalt lågt tal.

– Når vi veit at folketalsveksten i landet er på nesten 60.000, medan alle andre fylke på Vestlandet går fram med fleire tusen i 2014, medan Sogn og Fjordane praktisk talt står på staden kvil. Det viser at vi har ein jobb å gjere med å få fart på næringsutvikling, seier Bjølo

– Trur du den nye blå politikken vil gjere noko dette?

– Nei, det trur eg nok ikkje, men uansett kva statlege styresmakter gjer, så må vi gjere ein jobb sjølv også. Når vi no sit med 26 til dels veldig små kommunar, som vil slite med å halde oppe gode velferdstenester og attraktive fagmiljø i åra framover, så er vi nøydd til å ta skeia i ei anna hand og vere offensive, seier Bjørlo.

Under 800 i Solund

Solund er ein av kommunane som har negativ folketalsutvikling, men ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) er likevel ikkje uroa over utviklinga.

– Det er sjølvsagt noko eg ønskjer at skal snu, og eg trur at vi skal klare det. Vi har vore like under 800 ein gong før, og det steig opp att, så eg håpar at dette berre er ein liten bølgedal, seier Krakhellen.

Kommunen har eit langsiktig mål om å auke innbyggjartalet til over 1000. Dei har til dømes investert mykje i mobilsamband og har planar om å byggje ut fiber fleire stader neste år.

– Det viktigaste vi gjer er å leggje til rette for utvikling for å snu folketalsutviklinga. Så vi gjer ein del for å løfte Solund til å vere ein framtidsretta kommune som folk ønskjer å bu og leve i.

Krakhellen ser positivt på at fylket totalt sett aukar i folketal.

– Vi må glede oss over at vi veks. Det som er urovekkande er at vi ikkje veks nok som fylke, når vi høyrer at resten av Vestlandet veks vesentleg mykje meir enn oss. Så vi må jobbe vidare med å sikre at vi held tritt med nabofylka våre.

Berekna folkemengde, 1. januar 2015

Kommune

Berekna folktetilvekst

Berekna folkemengde 31. desember

Flora

66

11845

Gulen

19

2334

Solund

-17

798

Hyllestad

14

1405

Høyanger

-27

4156

Vik

-16

2672

Balestrand

-2

1304

Leikanger

-5

2263

Sogndal

68

7691

Aurland

18

1733

Lærdal

-9

2165

Årdal

-38

5458

Luster

9

5098

Askvoll

-3

3008

Fjaler

-9

2844

Gaular

16

2944

Jølster

-42

3028

Førde

128

12813

Naustdal

31

2807

Bremanger

-52

3898

Vågsøy

-16

6075

Selje

-29

2753

Eid

60

5986

Hornindal

-2

1221

Gloppen

44

5738

Stryn

1

7135

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: Statistisk sentralbyrå