27-åring sikta for drap på kvinne (51)

FLORØ (NRK): Den drepne kvinna i Florø var på besøk i Noreg hos den sikta, opplyser politiet i ei pressemelding.

Drapet i Florø 15. november

DRAP: Ein 27-år gamal austeuropear er sikta etter drapet på ei 51 år gamal kvinne i Florø. Den sikta er ein kjenning av politiet frå tidlegare.

Foto: Truls Kleiven / Truls Kleiven

Ifølge politiet budde den drapssikta saman med mora si i Florø. Dei to hadde besøk av avdøde og sonen hennar.

Den 27 år gamle mannen er enno ikkje avhøyrd.

– Det har ikkje vore mogleg å gjennomføre avhøyr i dag, opplyser politiet i ei pressemelding laurdag kveld.

Politiet kan difor ikkje seie noko om motivet eller bakgrunnen for drapet.

Tidlegare i dag orienterte etterforskingsleiar Steinar Flaktveit og politiadvokat Eli Valheim pressa etter at ei 51 år gamal kvinne vart funnen død på ei adresse i Florø. Begge er austeuropearar. Medan mannen har budd i Florø i fleire år, og har familie der, har ikkje kvinna fast bustad i Noreg.

Ikkje i familie

– Det er ein relasjon mellom dei to, men dei er ikkje i familie, seier etterforskingsleiaren.

Påtaleansvarleg Eli Valheim og politifagleg etterforskingsleiar Steinar Flaktveit orienterer pressa.

PRESSEBRIEF: Påtaleansvarleg Eli Valheim og politifagleg etterforskingsleiar Steinar Flaktveit orienterer pressa.

Foto: Truls Kleiven

Den sikta har fått oppnemnd Malin Skorpen Østvik som forsvarer. Ho seier det ikkje har vore forsvarleg med avhøyr i dag, og at ho veit ikkje når det kan gjennomførast.

– Eg har berre hatt eit kort møte med han i dag.

Ho kan difor ikkje seie noko om korleis han stiller seg til siktinga og varetektsfengslinga.

Det var i 20-tida fredag kveld at politiet sin operasjonssentral fekk melding om hendinga i ei leilegheit i Florø. Sjølv om kvinna fekk livreddande førstehjelp, vart kvinna stadfesta død klokka 20.30. I ein væpna aksjon vart den sikta pågripen i same leilegheita.

Vakthavande lege, Ronny Cassells, seier til Firdaposten at kvinna var i live då helsepersonell kom til staden.

– Men skadane ho var påført var av eit omfang som gjorde til at livet ikkje stod til å redde, seier han.

Helsepersonell

Politiet har ingen indikasjonar på at det var fleire tilstades under drapet. Dei vil ikkje seie noko om kven som ringde inn meldinga.

– Pågripinga gjekk etter forholda relativt greitt. Den sikta vart teken hand om av helsepersonell. Vi har sikra oss blodprøve og undersøking, men har førebels ikkje fått svar, seier Flaktveit.

Politiet vil av omsyn til etterforskinga ikkje gå inn i detaljar i saka. Dei vil heller ikkje gå nærare i detalj på når den avlidne kom til Noreg eller kva relasjon som er mellom dei to.

– Den sikta blir framstilt for varetektsfengsling. Det blir beden om full judisiell observasjon av han, seier Valheim. Politiet vil be om brev- og besøksrestriksjonar.

Kvinna skal etter planen obduserast i morgon. Politiet jobbar framleis med å få kontakt med kvinna sin familie i utlandet.

Flaktveit seier dei no jobbar med å kartlegge den sikta og avlidne, og miljøet kring dei.

– Vi jobbar med avhøyr av vitne, kriminaltekniske undersøkingar på staden og sikring av digitale einingar, seier etterforskingsleiaren.

Laurdag kveld opplyser politiet at fengslingsmøtet blir halde søndag ettermiddag.