Hopp til innhold

27-åring omkom i trafikkulukke

Det var Trond Haugland (27) frå Jølster som omkom i ei trafikkulukke på E39 i Hordaland laurdag.

Haugland var på veg nordover på motorsykkel då ulukka skjedde like sør for Masfjordtunnelen.

27-åringen var opphavleg frå Vassenden i Jølster, men budde i Fyllingsdalen utanfor Bergen.

Lensmann i Masfjorden, Solund og Gulen, Ivar Holmaas, seier til NRK.no at dei i samråd med pårørande har frigjeve namnet.

Skulle inn på rasteplass

Ulukka skjedde då ein personbil på veg sørover skulle svinge inn på ein rasteplass. Samanstøyten skjedde då bilen skulle krysse køyrefeltet til motorsyklisten.

Holmaas seier at politiet har starta etterforskinga. Dei har førebels ikkje formelt avhøyrt vitne til ulukka.

– Førebels kan vi ikkje seie i detalj kva som skjedde, men kollisjonen skjedde i motorsyklisten sitt køyrefelt, seier lensmannen til NRK.no.

Kunne vore unngått

Lensmannen ynskjer ikkje å fordele skuld, men presiserer at bilen har vikeplikt for møtande trafikk. Politiet har ingen opplysningar som skulle tilseie at det er tale om råkøyring heller.

Til Bergensavisen seier Holmaas at det har vore fleire ulukker på same staden og at ulukka kunne vore unngått.

– Hadde det ikkje vore lov å svinge inn, ville kanskje ikkje bilen gjort det, seier han og meiner vegstyresmaktene må ta tak i punktet på E39. Statens vegvesen har ingen planar om tiltak.