Hopp til innhold

Kontrollørane oppdaga oljelekkasje - nekta det brannfarlege vogntoget å køyre vidare

Med brannen i Gudvangatunnelen friskt i minne, er Vegvesenet sine kontrollørar knallharde når dei kjem over køyretøy med lekkasjar av olje eller diesel.

Bjarte Frækaland om oljelekkasje på austeuropeisk køyretøy

FULL STOGG: Det austeuropeiske vogntoget som vart stogga med denne oljelekkasjen fekk ikkje køyre vidare. Det fortel Bjarte Frækaland i Statens vegvesen.

Foto: Montasje: Anna Gytri/NRK/Vegvesenet

Eit av dei austeuropeiske vogntoga som rulla innom Statens vegvesen sin kontrollstasjon på Håbakken på E16 i Lærdal denne veka, fekk kontrollørane til å heve augebryna.

Ein nærare sjekk viste ein vesentleg oljelekkasje frå motoren, og det vart lagt ned køyreforbod på staden.

Teamkoordinator for utekontrollen i Sogn og Fjordane, Bjarte Frækaland, seier dette er feil dei slår hardt ned på.

– Det er lett for at det kan oppstå brann ved slike oljelekkasjar, ved at oljen kjem ned på varme eksosrøyr. Brann er noko vi ikkje vil ha noko av, så dette er vi rimeleg harde på, seier Frækaland til NRK.no.

– Det har vore mykje rusk

Sjølv om det har vore ei spesiell veke i Lærdal etter storbrannen natt til søndag, har Vegvesenet halde trykket oppe på kontrollstasjonen. I rundkøyringa like ved rundar det over 650 tunge køyretøy i døgnet, og mykje av tungtrafikken som går mellom aust og vest går forbi her.

I løpet av veka har kontrollørane tatt 60 køyretøy nærare i augesyn, nesten halvparten av dei, 26 stykk, har fått køyreforbod. Det vil seie at dei må rette feil eller manglar før dei får køyre vidare.

– Denne veka har det vore mykje rusk. Det har vore ein del ting som ikkje har vore bra, og slik vil vi ikkje ha det, seier Frækaland.

Han seier ein del av køyreforboda går på redusert sikt ut frontruta, der førar til dømes har sett opp bord med ein laptop oppå. Men det er også ein del grovare feil.

Til saman er det skrive seks politimeldingar. Dette går på brot på køyre- og kviletida, brot på reglane for transport av farleg gods, manglande førarrett og manglande yrkessjåførkompetanse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skreiv ut bot

PAPIRARBEID: Vegvesenet sine kontrollørar fekk nok papirarbeid etter kontrollane denne veka. Her er Bjarte Frækaland ved eit tidlegare høve.

Foto: Anna Gytri / NRK

Full stogg for bil med lekkasje

To austeuropeiske køyretøy med austeuropeiske sjåførar vart begge stogga med grove tekniske manglar ifølgje Vegvesenet.

I det eine oppdaga ein altså ein større oljelekkasje. Lekkasje av olje eller diesel er blant dei mest vanlege årsakene til brann i tunge køyretøy.

– Vi vil ikkje ha køyretøy med oljelekkasjer gjennom tunnelane våre. Det kan oppstå brann, og det har vi hatt nok av, seier Frækaland som har brannen i Gudvangatunnelen friskt i minne.

I fjor sommar hadde bilistane nemleg marginane på si side då det byrja brenne i ein semitrailer i E16-tunnelen. Politiet har førebels ikkje kunne slå fast noko brannårsak.

– Sjåføren vi stogga denne veka fekk beskjed om å rette feilen på staden, eller køyre til næraste verkstad, men han fekk ikkje køyre gjennom tunnelar før feilen var retta, understrekar Frækaland.

Store sprekker i bremseskivene

Ein annan austeuropeisk førar fekk køyreforbod etter at kontrollørane oppdaga store og gjennomgåande sprekker i bremseskivene på begge sider på framakslingen, og på den eine akslingen på tralla.

Også her vart det lagt ned køyreforbod.

– Om bremseskiva skulle sprekke i fleire bitar til dømes på veg ned frå eit fjell, vil det kunne få alvorlege konsekvensar. Det er slike ting som kan skje ved denne typen sprekker, og vi tek ingen sjansar med tanke på trafikktryggleiken, seier inspektøren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skilt som varslar kontroll av tunge køyrety, ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

KONTROLL: Desse skilta har stått mykje oppe den siste veka.

Foto: Anna Gytri / NRK

Hadde ikkje merka farleg gods

Vegvesenet ser også svært alvorleg på at dei har stogga sjåførar som ikkje frakta såkalla farleg gods på rett måte.

To norske sjåførar i norske køyretøy med farleg gods vart begge stogga fordi dei var for tunge, og måtte laste om lasset på staden. Den eine av dei to hadde også meir ureint mjøl i posen.

I tillegg til å køyre med overlast hadde føraren ikkje merka det farlege godset slik han skulle, og han hadde ikkje med seg personleg verneutstyr. Det låg attpåtil føre krav om avregistrering, noko som vart gjort på staden.

Frækaland seier det er svært alvorleg at ikkje farleg gods blir merka som det skal.

– Om det skulle skje ei ulukke, vil det vere svært uheldig om ikkje godset er merka på rett måte. Då veit ikkje redningsmannskap kva lass det er snakk om, og kan ikkje vere meir obs slik dei bør vere, seier Frækaland.

Hadde køyrt i 16 timar

Sjåførar av tunge køyretøy må også rette seg etter strenge køyre- og kviletidsreglar, som skal sikre at dei får nok kvile. Brot på desse reglane er noko av det verste, meiner Frækaland.

– Opplagde sjåførar er alfa omega, og om ein sjåfør sovnar bak rattet vil det kunne få fatale konsekvensar, seier Frækaland.

Dei to sjåførane som vart stogga for brot på desse reglane vart begge politimelde.

I det eine tilfelle hadde ein dansk førar køyrt frå Danmark til Bergen, og så tilbake til Lærdal. I løpet av turen var den lengste kvila på fire timar og 23 minutt. Han hadde køyrt i over 16 timar, noko som er seks timar meir enn det lovlege på maks ti.

– Ikkje opplagd til å køyre vidare

For å skjule brota hadde han nytta sjåførkortet til ein annan sjåfør som ikkje var med på turen. Dette sjåførkortet vart inndrege, medan den danske føraren kan vente seg eit oppgjer med politiet.

– Når du har køyrt i 16 timar, med berre nokre små pausar innimellom, byrjar dagen bli lang. Du er ikkje vaken til å køyre bil, iallfall ikkje ein storbil med dei krevjande forholda som er på Vestlandet, seier inspektøren.

I tillegg vart ein austeuropeisk førar i norsk bil meld fordi han berre hadde fire timar og 40 minutt pause i løpet av eitt døgn. Kravet er mellom 9 og 11 timar.

– Det seier seg sjølv at når du går ned i under fem timar kvile før du startar på ein ny dag, så er du ikkje veldig opplagd til å køyre vidare, seier Frækaland.