Hopp til innhold

26 000 besøkande under Førdefestivalen

– Det er vi kjempenøgd med, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Hilde Bjørkum

NØGD SJEF: Hilde Bjørkum hadde totalt 26.000 gjester på Førdefestivalen i førre veke.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

– Det er litt mindre enn i fjor, men då hadde vi jo kjempeflott vêr.

Hilde Bjørkum har få ting å utsetje på årets festival, som vart avslutta i går. For sjølv om årets besøkstal manglar litt på dei 28.000 som tok turen i fjor, kan festivaldirektøren fortelje om mange fulle konsertar.

– Vi har hatt mange fulle hus og fantastisk god stemning. Folk har kosa seg, trur eg, sjølv om vêret ikkje var heilt med oss i år.

Flyttar konsertane rundt om i Sunnfjord

Nytt av året var konsertar andre stader enn i Førde, blant anna på Sandane, i Dale og Florø. Bjørkum fortel at det vart eit vellukka grep.

– Det er fint for publikum å ha variasjon i konsertplassane. Vi har mange arrangement, og då kan vi vere fleire stader. Då kan vi også nå eit nytt publikum, som kanskje ikkje tenker på at dei skal reise på festival.

Stølkonsert

STØLSKONSERT: Gruppa Morgonfrosken spelte blant anna under årets festival.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Og ho trur på ein positiv effekt av å ha konsertar andre stader.

– Det er fint å samarbeide med nye konsertstader andre plassar. Eg trur det skaper gode ringverknader.

Ikkje bekymra for økonomien

Førdefestivalen har lenge vore ein såkalla knutepunktfestival. Det har betydd at festivalen har hatt garanti for statlege overføringar over statsbudsjettet. No er derimot knutepunktprosjektet lagt ned.

– Det ser førebels greitt ut. I år er første året vi er i Kulturrådet i staden for Kulturdepartementet, og vi veit at vi har tilskot til neste år, fortel Bjørkum, som ikkje er uroa.

– På kort sikt er eg ikkje det. Utfordringa er å skaffe fleire sponsorinntekter enn dei vi allereie har.

– Ønskjer framleis legge til rette for folkeliv

FørdeBy.no skriv at folk ikkje lenger legg merke til festivale like mykje som då den starta opp på 1990-talet. Då var det ikkje uvanleg med spontane konsertar på gatehjørnet. Bjørkum fortel at dei ønskjer å skape eit folkeliv, men at dei samstundes har ein økonomi som må gå rundt.

Chouk Bwa Libète, Førdefestivalen

WOODOO PÅ HAFSTADFJELLET: Artistar frå Haiti leverte Woodoo-rytmar frå Karibia.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Det er kjempeflott at folk ønskjer folkeliv, og vi har jo smakebitar av konsertar som folk får gratis i sentrum. Men vi må ha ein balanse, slik at vi ikkje går på ein smell økonomisk.

Bjørkum håpar at folk som legg merke til musikken vel å ta turen på konsertane.

– Men musikk kostar pengar, avsluttar direktøren, som fortel at dei allereie er godt i gang med planlegginga av neste års festival.