2500 såg Kinnaspelet i strålande sol

I eit strålande solskin gjekk det 32 Kinnaspelet av stabelen ved den gamle mellomalderkyrkja på Kinn.

– Det har vore ei fantastisk oppleving, seier Gustav Johan Nydal, som er ny styreleiar for Kinnaspelet.

Kvart år sidan starten i 1985, har norsk og europeisk historie blitt gjennskapt på øya utanfor Florø.

– Vi har hatt to utruleg flotte dagar på Kinn. Det har vore sol, og i dag var det heilt perfekte forhold, seier Nydal.

Ny dimensjon

Årets Kinnaspel er regissert av Jeff Pedersen, som også er ny av året.

– Han har tilført spelet ein ny dimensjon, dramatikken er blitt betre. Det er meir action og forteljinga kjem kanskje betre fram enn tidlegare, seier Nydal.

Gustav Johan Nydal

NY STYRELEIAR: Gustav Johan Nydal har tatt over som styreleiar for Kinnasplet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Så sjølv om ein hadde sett Kinnsapelet før, så kunne ein finne nye ting å glede seg over i år?

– Absolutt, og tilbakemeldingane frå publikum har vore udelt positive. Mange av dei som var her, har og vore her tidlegare, og alle gir gode tilbakemeldingar.

Ein mangla

Årets spel var på mange måtar slutten på ein æra, og starten på ein ny. For ein mann mangla då teppet gjekk opp for første akt av sogespelet laurdag. I mars i år gjekk Kinnaspelets far, Odd Stubhaug bort.

– Det har vore markert på alle førstillingane. Det er eit stort sakn at Odd Stubhaug ikkje lenger er med, samstundes har han skapt ein så stor entusiasme rundt spelet at det ikkje er noko for fare for at det skal gå i stå, seier Nydal.

På scena

Den nye styreleiar har også fått prøve seg på scena, ei rolle han trivest med.

– Det har vore kjekt. Det å kunne ynskje folk velkomne og fortelje om Kinn og Kinnaspelet.

– Kva forhold har du sjølv til Kinnaspelet?

– Det er berre nokre få år eg ikkje har fått sett spelet. Eg har elles delteke mykje med praktisk arbeid, og familien min har vore deltakarar i spelet. Eg føler vel at eg har vore ein del av Kinnaspel-familien, og difor har det vore kjekt å kunne leie arbeidet med å få i stand årets spel, seier Nydal.