Spelet vart framført på friluftssena i Bensentunet på Ålhus i Jølster, og styreleiar Anne Cecilie Kapstad er svært nøgd med resultatet.
Nøyaktige tal ikkje klare
Spelet hadde i år fem ordinære framsyningar pluss ei generalprøve med publikum. Dei nøyaktige publikumstala er ikkje klar, men arrangøren seier det vart selt ca 2250 billettar til dei ordinære framsyningane, og i tillegg var det 200-300 hundre på generalprøven.
Slit økonomisk
Det økonomiske resultatet er ikkje klart, men Kapstad vedgår at dei kjem til å slite i år som for to år sidan. Grunnen er at dei måtte bygge scena på nytt også i år. Den nye scena får no stå i 10 år, og vil gjere økonomien lettare neste gong, seier styreleiar Anne Cecilie Kapstad. For dette har kome for å bli, seier ho.