Hopp til innhold

Samla 250 namn for folkerøysting om samanslåing

Rakel Apneseth meiner Jølster-ordføraren kneblar ja-folket i folkerøysting om kommunesamanslåing. 249 personar støttar ho.

Rakel Apneseth med underskriftsliste

STØTTE: Rakel Apneseth meiner ja-sida ikkje kjem skikkeleg til orde i folkerøystinga om kommunesamanslåing i Jølster. Ein Facebook-aksjon syner at 249 sambygdingar støttar ho.

Foto: Privat

– Dei i Jølster som vil at Jølster kommune skal slå seg saman med ein eller fleire kommunar får ikkje fremma sitt syn.

Det seier Rakel Apneseth. Ho protesterer mot at det politiske fleirtalet er i ferd med utestengje fleire alternativ frå folkerøystinga.

Saka har vore oppe i formannskapet. Der vart avrøystingsspørsmåla vedteke mot Høgre og Venstre sine røyster. Tysdag ettermiddag skal saka endeleg vedtakast i kommunestyret.

Apneseth har søkt støtte frå sambygdingane sine.

Ho oppretta det som ei hending på Facebook. Måndag kveld hadde 249 personar sagt at dei deltek på hendinga, som ei støtte til synet hennar.

Det er nesten 10 prosent av dei røysteføre i Jølster kommune, som har knapt 3.000 innbyggjarar.

Underskrifter for kommunesamanslåing

NAMNELISTER: Rakel Apneseth har oppretta ei hending på Facebook, der 249 personar seier dei støttar hennar syn. Listene er skrivne ut, og blir overlevert politikarane til kommunestyremøtet tysdag.

Foto: Privat

Alt eller ingenting

– Slik avrøystinga er bygd opp er det eit bombastisk ja til alle fire kommunane samtidig, eller ingenting. Viss ein til dømes berre vil slå seg saman med Førde, får ein ikkje sagt si meining. Vi blir ikkje høyrde.

– Eg meiner rådmannen sitt framlegg var det beste, seier Rakel Apneseth.

Måndag morgon møtte ho ordførar Oddmund Klakegg (Sp) til debatt på radio. Han står steilt i sitt syn.

Oddmund Klakegg

FOLKEVILJE: Oddmund Klakegg (Sp) seier han vil høyre på folkeviljen. Men vil ikkje endre på spørsmålsstillinga i folkerøystinga.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Vi har gjort som departementet har råda oss til. Nemleg inngått ein intensjonsavtale med tre andre kommunar. Det er det einaste alternativet vi har avtale om. Og det er dette alternativet folket skal få stemme over no.

– Om det til dømes skulle bli ja i Jølster, og nei i Gaular og Naustdal, så er vi forplikta til å gå i nye forhandlingar. Då må vi lage nye avtaler om nye kommunar.

Legg fram lister

Apneseth vil leggje fram listene med namn for politikarane før kommunestyremøtet tysdag.

– No har vi om lag 250 underskrifter som seier at dei ønskjer rådmannen sitt forslag til avrøysting. Eg kjem til å levere desse listene til politikarane.

Klakegg svarer ikkje på spørsmål om det er aktuelt for han å endre syn.

– Det er folket sin vilje vi skal ha fram, seier Oddmund Klakegg.