Hopp til innhold

250 har sagt si meining om Vestlandsregionen

Nynorsk, deling av fylke og kva oppgåver ein ny region skal ta hand om har fått mange til å engasjere seg i spørsmålet om Vestlandsregionen bør bli noko av eller ikkje.

Fylker

SAMAN ELLER ÅLEINE: 15. desember er fristen for å melde inn synspunkta på Vestlandsregionen til Stortinget. No har folket i Sogn og Fjordane og Rogaland fått sagt sitt, medan Hordalendingane framleis har nokre dagar att på å kome med sine synspunkt. Innspela til no tyder på at folk er skeptiske.

Foto: Fjord Norge/Ut.no/Scanpix

– Svara frå kommunane syner sprik i synspunkt, men dei er samstemde om at fylket ikkje må splittast opp, at Nordfjord ikkje skal nordover og at nynorsk er viktig, seier fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet.

Ho losa intensjonsavtalen i hamn saman med fylkesordførarane i Rogaland og Hordaland. Etter at fristen var ute har det kome inn 257 høyringssvar berre i Sogn og Fjordane. 151 er frå enkeltpersonar og kring 30 frå mållag eller nynorskorganisasjonar. Fres festival i Sogn har også kasta seg inn i nynorskkampen, saman med forfattarar som Jon Fosse og Tore Renberg.

Sidan 1763 har du vore vår regionale vesle far, og delt av dine midlar til oss som mindre har. Sogn og Fjordane– eit fylke, ein idé, ein draum? No kjem ringskrømta sende frå austlandets kvervelstraum.

Vi er eit lite lauv på ein opprørt fjord. Og du, eit fly som svirrar utan balanseror, og vi innser at di tid snart til vegs ende er, men lat oss få skriv og forordningar på målet som står oss nær.

Styret i Fres festival

– Vi er ein del av kulturfeltet, og vi meiner det er naturleg at Vestlandet blir knytt til nynorsken. Vi får nok ikkje nokon lyrikkpris for svaret, men håpar synspunkta blir tekne inn i vurderinga, seier ein av arrangørane bak festivalen, Gunnar Husabø.

Fleirtalet skeptiske til planane

Fleire politiske lokallag og arbeidsorganisasjonar har meldt inn sine synspunkt, og fordi nokre har fått utsett fristen vil innspela fortsetje å strøyme inn dei næraste dagane.

– Ein er også opptekne av valordninga og utjamningsmandat, slik at ein sikrar representasjon. Og så blir det peika på at det må overførast betydelege oppgåver til regionane, seier Følling.

Fylkesordførarane Jenny Følling, Anne Gine Hestetun og Solveig Egge Tengesdal

INTENSJONSAVTALE: Trekløveret bak intensjonsavtalen må saman med dei andre fylkespolitikarane i sine fylke kome med sine tilrådingar. Frå venstre Jenny Følling fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Anne Gine Heseteun, Hordaland og Solveig Egge Tengesdal, Rogaland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Rogaland gjekk høyringsfristen ut 25. november. Også her er det debatten om kva målform som skal gjelde som ser ut til å ha engasjert folk i størst grad. I Hordaland har ein nokre dagar på seg før fristen går ut.

Meiningsmålingar har synt at det er skepsis i folket til å bli del av ein Vestlandsregion, og desse synspunkta kjem også fram i fleirtalet av høyringssvara.

Ikkje gje vekk vår stemme til Stortinget, ikkje gje vekk arbeidsplassar, språket vårt og identiten vår. Sogn og fjordane er hipt, vi har kome tilbake for å bli.

Ingeborg Stige, i høyringssvar til regionreforma

– I utgangspunktet er vi ikkje for å lage ein ny region. Dett er ei reform der kartet vert teikna først, og så ser ein på kva oppgåver som skal tilførast etterpå. Det er bakvendt, seier fylkesleiar i Fagforbundet, Ralf Einar Johannessen.

Avgjerd i desember

NHO i Sogn og Fjordane er av dei som kjem med eit klart forsvar av ein ny og større region.

Jan Atle Stang i NHO

POSITIV: Dei færraste som har kome med innspel har vore så positive til ein storregion på Vestlandset som NHO og Jan Atle Stang.

Foto: Pressefoto/Moment studio

– Skal ein få til større og nødvendige satsingar på samfunns- og næringsutvikling, så må det større kraft til enn det dagens fylkeskommunar maktar åleine. Det må kome større og nye oppgåver slik at ein får større handlingsrom frå 2020, seier regiondirektør for Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang.

No skal administrasjonen i fylkeskommunen gå grundig gjennom alle innspela og førebu ei sak til fylkestinget som møtast 7. desember.

– Vi må gje eit svar til Stortinget, og fristen der er 15. desember, seier Følling.