NRK Meny
Normal

Dei utgjer 20 prosent av arbeidsløysa - 250 busette flyktningar i fylket er utan arbeid

Busette flyktningar i Sogn og Fjordane utgjer heile 20 prosent av den totale arbeidsløysa i fylket. – Dei blir ikkje godt nok førebudd på arbeidslivet her, seier direktøren i NAV Sogn og Fjordane.

NAV/Tore Thorsnes

AUKE BLANT FLYKTNINGAR: Direktør i NAV Sogn og Fjordane seier arbeidsløyseprosenten blant flyktningar fylket er fire gongar så høg som gjennomsnittet i fylket.

Foto: NRK

– Ein ser jo det same i Sogn og Fjordane som ein ser elles i landet; at det er ein stigande del i arbeidsløysetala blant busette flyktningar. Det seier direktør i NAV Sogn og Fjordane, Thore Thorsnes.

Heile 250 busette flyktningar er i dag utan arbeid. Dei har ein arbeidsløyseprosent som er fire gongar så høg som gjennomsnittet i fylket.

– Det er jo 20 prosent av den totale arbeidsløysa, noko som er eit stort tal til å vere i vårt fylket, seier Thorsnes. Han fortel at det har vore ein aukande tendens dei siste åra.

Vanskeleg å førebu dei på arbeidslivet

Endringa ein får i arbeidsløysa no for tida er i stor grad knytt til ein auka del flyktningar utan arbeid, viser tal frå NAV.

– Årsaka er at det er ganske vanskeleg for flyktningar å tilpasse seg den norske arbeidsmarknaden. Det har jo også samanheng med korleis vi klarar å førebu dei på det arbeidslivet som dei absolutt bør vere ein del av.

– Introduksjonsprogrammet er det verkemiddelet kommunane har til disposisjon, og det verkar nok ikkje godt nok i forhold til å førebu dei på eit arbeidsliv, seier Thorsnes.

Forsking syner at manglande deltaking i ordinert arbeidsliv fører til dårleg integrering og fattigdom.

– Ja, dette fører til auka fattigdom i Norge. Det er jo flyktninggruppa som utgjer den største delen av den auken, eller kanskje heile auken. Det er jo samanheng med det å vere ledig og det å gå inn i ein fattigdomssituasjon. Det gjeld både vaksne og born, forklarar direktøren.

Flyttar vekk frå fylket til sentrale strøk

Thorsnes seier dette går særleg hardt utover borna og deira sjansar for å lukkast i det norske samfunnet. For utan jobb og det felleskapet som ein då ikkje får delta i, vel mange å flytte frå fylket.

– Flyktningar som ikkje får seg jobb flyttar vekk, det gjeld ikkje berre her i fylket, men også andre stader. Det er ein tydeleg tendens at dei flyttar til meir sentrale områder, anten av sosiale grunnar eller for å prøve å få seg jobb der. Sjølv om det ikkje er så mykje lettare å få seg jobb i Oslo og Bergen, men dei søkjer i tillegg til sosiale miljø som er tryggare, fortel han.

Auke i arbeidsløysa generelt

I fylket er det ved utgangen av månaden 1293 som er heilt arbeidslause. Noko som er ei auke på 123 personar, eller 11 prosent, frå mars i fjor. Auken på landsnivå er på 10 prosent.

– Vi ligg framleis lågt med ei arbeidsløyse på 2,3 prosent, sjølv om det er ei auke frå i fjor. Det er normalt at vi har ei auke på denne tida av året, men vi følgjer landssnittet når det gjeld endringar frå år til år, seier Thorsnes.

NAV ventar ein nedgang framover våren. Rogaland og Møre og Romsdal har lågast arbeidsløyse i landet, med 2,2 prosent. På landsnivå er arbeidsløysa på 2,9 prosent. Elles er det store skilnadar i kommunane i fylket.

Gloppen har lågast arbeidsløyse med berre 0,9 prosent. Selje har høgast med 6 prosent.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Arbeidsløysetal Sogn og Fjordane

Arbeidsløyse Sogn og Fjordane

Mars 2013

Mars 2014

Heilt ledige

1170

1293

Av dette: Permitterte

232

205

Av dette: Langtidsledige

187

274

Delvis ledige

648

651

Arbeidssøkjarar på tiltak

248

155

Tilgang stillingar

483

484

Tal frå NAV Sogn og Fjordane

Store skilnadar i kommunane

Ni kommunar har ein reduksjon i arbeidsløysa frå mars i fjor. Den største reduksjonen finn ein i Årdal kommune. Dei har 19 færre ledige, medan Stryn og Førde har den største auken med høvesvis 37 og 25 personar.

– Vi ser at det er store skilnadar i områder der ein skulle tru at nivået skulle vere ganske likt. Skilnaden mellom Gloppen og Stryn til dømes er stor. Det har nok ulike årsaker, men hovudårsaka er nok næringsstrukturen som er svært ulik i kommunane. Dei er nabokommunar der ein skulle tru at arbeidsløysa var på omtrent same nivå likevel, seier Thorsnes.

I mars vart det lyst ut 484 ledige stillingar i Sogn og Fjordane, ein reduksjon på 25 prosent frå same månad i fjor.

Elles har det vore ein nedgang i arbeidsløysa i industrien. Her er det no 334 heilt ledige ein nedgang på 13. I bygg og anleggsbransjen, serviceyrke, reiseliv, og transport har det blitt fleire ledige sidan i fjor.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå