Hopp til innhold

Har avhøyrt 25 personar etter bilbrannane

Politiet i Førde har fått inn fleire tips etter bilbrannane i helga. Så langt er 25 personar avhøyrde i sakene.

Bilbrann i Førde i april 2014

VART TOTALSKADD: I alt vart sju bilar totalskadde i brannane i løpet av helga.

Foto: Eirik Hildal / NRK

I alt sju bilar vart totalskadde i brannane natt til laurdag og natt til søndag. Politiet meiner brannane er påsette.

– Vi har førebels ikkje fått oppklara brannane, men står ved det vi har sagt tidlegare om at vi meiner dei er tende på, seier lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Dei to brannane fann stad ved Hornnes og i Vieåsen. Politiet bad allereie i helga publikum om tips. Til no har 25 personar vore inne til avhøyr i samband med saka.

– Vi har fått inn nokre tips om personar, og bilar som vi førebels ikkje har klart å spore opp. Vi ynskjer framleis fleire tips, seier Tvinde.