NRK Meny
Normal

Har tapt ein kvart milliard på vindkraft

Utan at ei einaste mølle er sett i drift, har kraftselskapa på Vestlandet tapt 244 millionar kroner på vindkraft.

Vindmøller

TAP: Dei sju største kraftselskapa på Vestlandet har tapt ein kvart milliard kroner på vindkraftselskapa Vestavind Kraft på Sandane og Vestavind Offshore i Bergen.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Spådomane om ei lysande framtid for vindkrafta har førebels ikkje slått til. Ei oppstilling av sju selskap sine avskrivingar i Vestavind Kraft og Vestavind Offshore, viser derimot solide tap. Pengar som elles kunne gått som utbytte til kommunar og fylkeskommunar.

Kraftgiganten på Vestlandet, BKK, har gitt opp vindkrafta for å spisse satsinga på vasskraft.

– Det er ingen tvil om at med dei rammevilkåra ein har for vind i dag og at kraftprisane har falle merkbart dei siste åra, så er vindkraftprosjekta blitt meir krevjande å få til, seier konserndirektør for energi, Wenche Teigland.

BKK tapte mest

Satsinga har også svidd økonomisk for dei andre selskapa i Vestlandsalliansen, som består av dei sju største kraftselskapa på Vestlandet. Dei siste fire åra har selskapa tapt ein kvart milliard kroner.

BKK har tapt mest, med samla 77 millionar kroner. Så godt som alt i bergensselskapet Vestavind Offshore, som no er lagt i dvale.

– Det er nok dei uventa låge prisane på straum som er den største faktoren her. Kraftprisane har falle kring 40 prosent denne perioden, seier Teigland.

Har framleis trua

Stig Svalheim i Vestavind kraft

HAR TRUA: Stig Svalheim og Vestavind Kraft har framleis trua på ei økonomisk framtid for vindkrafta.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Går ein nokre få år tilbake, var vindkraft spådd ei spennande framtid, men i vår vart Vestavind Kraft på Sandane seld frå selskapa i Vestlandsalliansen til Svelgen Kraft Holding, som igjen er eigd av SFE, Sognekraft og Tafjord. Salsummen er førebels hemmeleg.

Direktør Stig Svalheim meiner at det ikkje er grunn til å gje seg sjølv om dei har falle nær 60 millionar kroner i verdi..

– Ein har fått fram konsesjonar og har konsesjonssøknader inne. Slik sett er det verdipotensial i selskapet, sjølv om ein rekneskapsmessig har tatt nedskriving spesielt for rekneskapsåret 2013, seier Svalheim.

– Betyr ikkje dette at enkelte rett og slett har mista trua på vindkraft? Til og med proffe aktørar i bransjen?

– Det kan kvart enkelt av våre eigarselskap svare på, men eg ser vi har nye eigarar som skal satse på selskapet og som ser potensial i det vi held på med.

Gunstig svensk ordning

Styreleiar Per Kjøllesdal i Sogn og Fjordane Energi, innser at fylkes største kraftkonsern har tapt 36 millionar kroner i nedskrivingar på dei to vindkraftselskapa.

Per Kjøllesdal

VENTAR: Per Kjøllesdal og Sogn og Fjordane Energi ventar og ser situasjonen for vindkrafta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Likevel er dei eitt av få selskap som ynskjer å bli i bransjen. Optimismen er likevel betinga og avheng av at Stortinget betrar elsertifikatordninga neste år, og gir avskrivingsreglar for vindkraft som svarar til den langt meir gunstige ordninga i Sverige.

– Vi har allereie tatt stort tap og nedskrivingar og ser eigentleg ikkje veldig stor risiko i å vere i dette systemet ei stund til for å sjå kva som ligg i det. Vi ynskjer å sjå om det blir endringar på rammevilkåra, seier Kjøllesdal.

Sunnfjord Energi har skrive ned verdiar i dei to selskapa Vestavind Kraft og Vestavind Offshore med totalt 16 millionar kroner, medan Sognekraft har skrive ned for 12,8 millionar kroner dei siste fire åra. Begge kraftselskapa verdset med det vindkraftselskapa til 0.

Kan få seks konsesjonar

Sjølv om nedskrivingar førte til eit underskot på 38 millionar kroner i fjor, trur Svalheim på ei lønnsam framtid for Vestavind.

Selskapet har tre konsesjonar, medan tre konsesjonar skal avklarast i løpet av hausten.

– Eg ser stort verdipotensial i å få fram dei prosjekta. Norge har forplikta seg til å byggje fram store mengder fornybar kraft i åra framover, og det blir jobba med å få rammevilkår som gjer at det blir lønnsamt for dei som skal investere i det, seier han.

– Ikkje gunstig

Hos kraftgiganten BKK er dei likevel skeptiske. Skal vindkraft få betre vilkår, meiner dei også andre teknologiar må få det.

Men meir subsidiering i eit land som alt har overskot på straum, trur ikkje Teigland nødvendigvis er gunstig for bransjen.

– Subisidiar må brukast med kløkt. Vi går inn i ein periode med ganske stort kraftoverskot. Vi er innstilte på at elsertifikatet blir fullført fram mot 2020, men så trur vi at vi skal vere meir forsiktige med subsidiar, seier energidirektøren.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.