Hopp til innhold

24 prosent har kjøpt brukte klede det siste året

FØRDE (NRK): Brukte klede og sko er ikkje lenger berre eit hipsterfenomen i storbyane. Hittil i år har nær kvar fjerde nordmann kjøpt klede som andre har nytta før.

Sølvi Grøsvik Gjerde syner fram ubrukte klassiske finsko i fløyel for kvinner. Prisen? 10 kroner.

STADIG MEIR POPULÆRT: På bruktmarknaden "Klede for ein 10'ar" i Førde kan du finne alt frå brukte finklede til ubrukt sportsutstyr.

Foto: Lars Volldal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Alle plagg kostar ti kroner, men me stoppar ikkje folk om dei ynskjer å betale litt meir, seier Jorunn Gjerde.

Saman med to kollegaer samlar ho inn klede i lokalmiljøet og sel dei vidare til folk i Førde. Inntektene går til fattige born i Romania.

– Her kan ein få tak i det meste. Alt unntatt truser, seier Sølvi Grøsvik Urnes, ein av dei andre initiativtakarane.

Målgruppa var i utgangspunktet folk med økonomiske utfordringar, men det viste seg snart at interessa var langt breiare.

Fleire kjøper brukt

Tal frå Forbrukarrådet syner at 24 prosent av befolkninga har kjøpt brukte klede i år. I 2017 synte ei undersøking at 21 prosent hadde gjort det same.

– Det er ingenting som tyder på at denne trenden har nådd toppen. Sannsynlegvis vil neste generasjon vere enda meir opptekne av gjenbruk, seier dagleg leiar Kristin Voll i Røde Kors Tøy & Tekstil.

Saman med blant anna tekstilindustrien jobbar no Røde Kors for at folk skal bruke kleda sine dobbelt så lenge.

Ifølge Sifo-rapporten «Klesforbruk i Noreg» frå 2016 har nordmenn kleda sine i om lag fem år i snitt. Kvart femte plagg blir aldri brukt.

– Kort brukstid av klede er ei katastrofe for miljøet. Ingen menneske burde kjøpe klede som dei ikkje har lyst til å bruke hundrevis av gonger. Då burde dei heller låna eller leiga, sa forskar Ingun Klepp til NRK i august.

LOKALT INITIATIV: Initiativtakarane (frå venstre til høgre) Sølvi Grøsvik Urnes, Jorunn Gjerde og Randi Lajla Flo meiner det er viktig å tilby gjenbrukshandel også i distrikta.

LOKALT INITIATIV: Initiativtakarane (frå venstre til høgre) Sølvi Grøsvik Urnes, Jorunn Gjerde og Randi Lajla Flo meiner det er viktig å tilby gjenbrukshandel også i distrikta.

– Formar gode haldningar

Men ikkje alle gleder seg over bølga med gjenbruk. «Gjenbruk blir ein unnskyldning for å fortsette et høgt klesforbruk», skriv tre SIFO-forskarar i kronikken «Gjenbruksbløffen».

– Den auka merksemda omkring gjenbruk av klede er et tviegga sverd, skriv dei, og minner om at løysinga ikkje er at klede skifter eigarar, men at klede held lengre.

Kristin Voll i Røde Kors Tøy & Tekstil er samd med forskarane i at klede må nyttast lengre, og at det er naudsynt å sjå gjenbruk og forbruk i samanheng, men ueinig i at gjenbrukstrenden undergrev heilskapstenkinga.

– Eg trur gjenbruk er med på å forme gode haldningar til bruk, som er det kronikkforfattarane er opptekne av, og eit bidrag til å få ned overproduksjon og overforbruk, seier ho.

– Latterleg billig

Tilbake i Førde er Ingrid Fatland ein av sunnfjordingane som er innom «Klede for ein 10-ar». Denne gong fann ho ullklede til sønene sine, som er to og fem år. Det er ikkje første gong ho er på utsalet, fortel ho.

– Eg likar godt den miljøvennlege tanken bak. Det er viktig for meg at det er berekraftig. Så er det ein stor bonus at det er latterleg billig og at inntektene går til eit godt formål.

Ingrid Fatland både leverar og handlar klede. No er ho på jakt etter nytteplagg for ungane.

NOKO FOR ALLE: Ingrid Fatland både leverer og handlar klede. No er ho på jakt etter nytteplagg for ungane.

Foto: Lars Volldal / NRK