24 klager frå elevar mot lærarar ved barneskule

Ni av klagene skal vere knytte til ei hending der ein omstridd lærar ved barneskulen var involvert. Dei omtalte klagene har skulen fått inn dei siste ti åra.

Kritikk mot gymlærar

OMSTRIDD LÆRAR: Kontrollutvalet vart i dag orientert om varslarsakene ved barneskulen der den omstridde læraren jobbar.

Foto: Anders Furevik (illustrasjon)

Kor mange av dei resterande klagene som omhandla den aktuelle læraren ville ikkje rektor seie noko om til NRK, i samband med at han i dag møtte i eit ekstraordinært kontrollutvalsmøte i den aktuelle kommunen.

Over fleire år har foreldre varsla om ein lærar i Sogn og Fjordane. Om hendingar dei omtalar som mobbing av svake elevar og «straffemetodar» for elevar som ikkje presterte.

– Vanskeleg sak for alle

– Dette er ei lei og vanskeleg sak for alle involverte som vi gjerne skulle vore forutan. Det var godt å få møte kontrollutvalet der vi fekk utveksla informasjon, seier rektor til NRK etter møtet.

– Det er kome inn ei rekkje klager på ein lærar ved skulen din om dårleg oppførsel mot enkeltelevar. Tek du sjølvkritikk for at ikkje saka er løyst?

Eg ønskjer ikkje å kommentere innhaldet i den konkrete saka, seier rektor.

Den aktuelle læraren var ikkje til stades på møtet i dag. Han ønskjer framleis ikkje å kommentere saka då NRK kontaktar han etter møtet.

Avventar fylkesmannen

NRK har tidlegare skrive at det har kome inn fleire varsel.

Fylkesmannen har varsla tilsyn mot den aktuelle skulen.

– Alvoret i saka er av ein slik karakter at vi ønskjer ein forvaltningsrevisjon av saka. Men vi avventar konklusjonen til fylkesmannen som og ser på saka. Når dei er ferdige, så vil vi ha eit møte med fylkesmannen for å sjå på om det er sider ved saka som vi ønskjer å belyse, seier den politisk valde leiaren i utvalet.

– Har fått god informasjon

Vedkomande fortel at både rektor, inspektør og rådmann stilte på dagens møte for å svare på spørsmål frå politikarane.

– Vi har fått god informasjon om korleis opplæringslova vert praktisert. Men vi har framleis spørsmål vi ikkje har fått svar på, men dei håpar vi fylkesmannen får svara på.

– Kva slags spørsmål har de ikkje fått svar på?

– Sjølv ønskjer eg svar på¨korleis foreldra melder varsel. Eg veit at barneombodet har ein enkel mal som eg veit mange skular brukar. Men den finn eg ikkje igjen i den enkle forma eg ønskjer det skal vere, seier leiaren.

– Skal vere trygt

Leiaren seier han har eit klart mål for auga når det gjeld kva som må kome ut av behandlinga av denne saka.

– Ei kvar sak er ei for mykje for meg. Eg likar ikkje situasjonar der elevar ikkje kjenner seg trygge på skulen. Det skal vere ei glede å gå på skulen. Alle handlingar som gjer at elevane ikkje opplever at det er kjekt å gå på skulen må vi gjere noko med.