Hopp til innhold

Sjå nøye på denne mannen - han er landets yngste redaktør!

Truls Sylvarnes er ikkje som alle andre 24-åringar. Frå nyttår er han nemleg landets yngste redaktør.

Truls Sylvarnes er redaktør i Porten.no

UNG REDAKTØR: Truls Sylvarnes er berre 24 år, men alder ingen hindring: Han er nemleg redaktør i nettavisa Porten, og frå nyttår er han den yngste redaktøren i landet.

Foto: Privat

– Ein må skyte høgt, seier Truls Sylvarnes, 24-åringen frå Årdal som vågar å satse.

Sidan august har han vore tilsett som redaktør i nettavisa Porten.no, som tar sikte på å vere ei lokalavis for Årdal og Lærdal. Med den jobben er han ein av landets yngste i sitt slag - avisredaktør.

Akkurat no er det berre ein redaktør som er yngre enn han, Torunn Støbakk på 20 år i Snåsingen. Men ho har nyleg slutta i jobben, og rundt nyåret gir ho frå seg tittelen som landets yngste redaktør.

Dermed står Sylvarnes klar til å ta over tittelen.

– Mange synst det var rart...

Sjølv om han er ung, er han rett nok ikkje heilt fersk, verken som redaktør eller journalist. Sylvarnes er utdanna journalist ved Høgskulen i Volda, og har vore innom fleire redaksjonar før han hamna i heimkommunen.

Sidan 2006 har han jobba som skribent for heimesida til den norske supporterklubben til fotballaget Chelsea, som han no også er redaktør for på fritida. Før han flytta heim til Årdal, jobba han i TV2-sporten.

Korleis var det så å flytte frå storbyen og draumejobb til fordel for å drive nettavis i ein liten kommune i Sogn?

– Mange synst det var rart, da. Eg har vore så heldig at eg har starta på toppen. TV2-sporten har jo vore ein draum, men så dukka det her opp litt tilfeldig, og så balla det på seg, seier Sylvarnes og utdjupar:

– Eg var inne og snakka litt med dei, og høyrte litt om kva planane var, og så tente eg umiddelbart på ideen om å skape ei lokal nettavis, som Porten kjem til å bli.

Ikkje noko "ni til fire"

Engasjementet og entusiasmen for heimstaden er viktig drivkraft når Sylvarnes sitt i redaktørstolen. Gleda over å kome seg ut og snakke med folk er det kjekkaste i Sylvarnes sin kvardag, kor jobbar både som journalist og redaktør.

– Det er hektisk, det må eg seie. Kombinasjonen av å vere redaktør, journalist og utviklar av ei ny nettavis kan tære på, men no får vi resultat, og det hjelper på, seier den unge redaktøren.

Han er heilt klar på at det ikkje akkurat er ein "ni til fire"-jobb han har tatt på seg.

– Det er ein 24-timars jobb, og slik er det når ein skal vere journalist.

Klar for nylansering

No er han klar for lansering av den nye utgåva av Porten, som skal vere klar på torsdag i denne veka. Saman med ein journalist, er han klar for å oppdatere innbyggarane i Årdal og Lærdal på det som skjer, når det skjer.

Og ambisjonane er høge:

– Me skal bli best på Årdal og Lærdal! Det skal bli den viktigaste nyhendeportalen for desse to kommunane, seier den unge redaktøren.