Hopp til innhold

Rivalane delte broderleg på poenga

FLORØ - FØRDE 1-1 (NRK): Peter Aase sendte heimepublikumet til himmels då han utlikna frå krittmerket. Men fleire mål vart det ikkje i 16. mai-oppgjeret mot Førde.

Created by InfoDispatcher

STOR STEMNING: I Florø er det stor stemning på 16. mai før rivaloppgjeret der Førde skal grusast. Foto/Redigering: Oddleif Løset

2. omgang: Om lag eit kvarter ut i kampen får Peter Aase nettkjenning og utliknar for Florø. Dermed står det 1 – 1 i lokalderbyet.

Oppgjeret Florø - Førde enda 1-1 etter at Peter Aase utlikna på straffespark.

UTLIKNING: Peter Aase fekk ta straffe nummer to etter at Halvor Solheim-Olsen vart lagt i bakken. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

1. omgang: Vegard Savland frå Førde fører Førde i leiing etter å ha krangla ballen i mål bak florømålvakt. Han skårar sitt 5 mål for sesongen.

Sjå målet her:

Førde går i leiing etter at Vegard Savland kranglar ballen i mål.

MÅL: Savland skårar for Førde Foto: Oddleif Løset

Halvor Solheim Olsen bomma på straffe, men Ante Knezovic i Førde-målet redda.

Florø fekk straffe, men lukkast ikkje å få nettkjenning.

STRAFFE: Florø fekk straffe. Sjå situasjonen. Foto: Oddleif Løset

Før kampstart var det stor stemning på tribunen før rivaloppgjeret mellom Florø og Førde. Det er venta at det kjem 500 førdianarar til kampen etter at det har vore kraftig mobilisert før kampen. NRK får opplyst at det er 2300 tilskodarar i kystbyen under kampen.

Johan Peter Vennberg med frispark i tverrliggaren på stillinga 1-1 mellom Florø og Førde.

TVERRLIGGAR: Johan Vennberg sender eit frispark i tverrliggaren på stillinga 1–1. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Ein time før kampstart er det fullt på hovudtribunen i kystbyen.

Kampen starta klokka 16. Etter kort tid var det klart for straffe.