Hopp til innhold

23 sikta i stor smuglarsak i Årdal og Lærdal

Politiet i Årdal og Lærdal har avdekka ei større smuglarsak i dei to kommunane.

Magne Knudsen

AVSLØRTE SMUGLARAR: Magne Knudsen er lensmann i Årdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Til no har politiet kverrsett kring 40 liter sprit og 7000 sigarettar som er smugla inn. I alt 23 personar har tilstått å ha kjøpt eller selt smuglarvara.

– Smuglarvarene kjem inn anten med båt, vogntog og turbussar utanfrå, seier regionlensmann Arne Johannessen til Porten.no som var dei første som skreiv om saka.

Tre hovudmenn

Politiet har hatt fokus på smuglarvarer som er selde dei fire-fem siste åra. Ut frå kva som har kome fram i avhøyra, dreier det seg om tobakk, sigarettar, brennevin og øl som ville ha gitt omlag to til tre millionar kroner i avgifter ved ordinært, lovleg sal.

Dei tre hovudaktørane det er snakk om har selt varene og er alle nordmenn.

– Vi har gjort eit etterretningsarbeid for å finna ut kva roller dei ulike personane har hatt, kor aktive dei har vore og kva dei har gjort. Då vi aksjonerte, forstod folk etter kvart at vi visste så mykje at dei valde å leggja korta på bordet, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen, til Porten.no.

Kan vere større

Politiet går no gjennom mobiltelefonar og etterretningsopplysningar.

– Her dukkar det opp nye namn, og fleire kjøparar kan vente å høyre frå oss, seier Knudsen.