Hopp til innhold

Høge temperaturar over heile fylket - og vêret skal halde seg pent

Det har vore ei varm natt i Sogn og Fjordane, og frå Høyanger meldast det om tropenatt og 22,4 grader klokka 03.00 i natt.

sol

GOD START: Det var ein fin start på morgonen ved Mannheller ferjekai i Sogndal.

Foto: NRK-Tipsar

– Det har vore ei varm natt, der temperaturen ikkje har vore lågare enn 20 grader, fortel portvakt ved Hydro sitt anlegg i Høyanger, Irene Cecilie Østensen.

I dag tidleg klokka 06.00 hadde gradestokken krope ned til 21,2 grader, men Østensen har tru på at temperaturen vil stige igjen.

– Det blir nok berre varmare utover dagen, no når sola står opp, seier ho.

23 grader klokka 04.00

Frå Krakhella meldast det om høge temperaturar allereie frå tidleg morgon. Klokka 04.00 vart det meldt om heile 23 varmegrader.

I resten av fylket ser det også ut til å bli ein varm og solrik dag. I Øvre Årdal var det er det 18 grader, i Sogndal 18 grader, i Florø 20 grader, i Leirvik 18 grader, på Sandane 20 grader, i Loen 18 grader og i Førde 18 grader.

Statsmetereolog Jørgen Grønberg kan melde om at dagen blir om lag som gårsdagen.

– Vi hadde ein svært varm dag i går, og i Lærdal var det målt 31,8 grader. Dagen i dag blir stort sett ein blåkopi av gårsdagen, med pent vêr seier han.

Tropenatt og solgangsbris

Statsmeteorologen fortel at det fleire stader i natt har vore tropenatt, og då spesielt fleire stadar på kysten.

– På kysten varierer temperaturen i mindre grad, og vi kan nok vente oss fleire netter med temperaturar over 20 grader der, seier han.

Grønberg melder om at vêret vil halde seg pent og at temperaturane vil halde seg høge heilt fram til og med fredag.

– Det ser ut som det blir pent og varmt til og med fredag og kanskje laurdag. Sjansen er til stades for lokale ettermiddagsbyer, men for dei fleste vil det bli tørt og varmt, seier han.