Hopp til innhold

I dag måtte han seie opp 16 tilsette

220 mottaksplassar i Sogn og Fjordane blir lagde ned. Andrew Hawkes ved mottaket i Førde seier det er ein trist dag for både dei tilsette og bebuarane.

Andrew Hawkes ved asylmottaket i Førde

FEKK BESKJEDEN I GÅR: – Først og fremst vart eg veldig skuffa over å få beskjeden. Det er ein tung beskjeden å få når det er så mange tilsette som mister jobben, seier Andrew Hawkes.

Foto: Privat

UDI legg ned 7000 mottaksplassar i Norge fordi det har kome færre asylsøkjarar til landet enn venta til no i år.

Her i fylket blir tre mottak lagde ned, mottaka for einslege mindreårige i Førde (30 plassar) og Sørbøvåg i Hyllestad (40 plassar), i tillegg til mottaket i Stryn (150) plassar.

Andrew Hawkes er leiar ved mottaket i Førde, og måtte i dag gje 16 tilsette beskjed om at dei mistar jobben.

– Skuffelse er stikkordet, og sjokk blant enkelte. Det er ein tung beskjed å få, seier han.

Har vore i drift i eitt år

Berre eitt år etter at avdelinga for einslege mindreårige i Førde kom i drift, blir den no lagt ned frå 1. desember.

– Det har vore mykje arbeid med å bygge opp avdelinga, og å drive den. Det er tøffe tak når vi allereie no skal begynne å legge ned, seier han.

– Vi har vore ein god plass for dei å vere

Dei 26 mindreårige som i dag bur på mottaket vil bli omplasserte av UDI til andre mottak for einsleg mindreårige. Dei som eventuelt har fått opphaldsløyve kan bli busette i kommunar.

– Korleis trur du at dei reagerer på at dei må flytte på seg?

– Eg trur dei blir skuffa. Eg trur vi har vore ein god plass for å dei å vere det siste året. Dei har blitt integrert i lokalsamfunnet og kjenner både lokale aktørar og ikkje minst dei tilsette, seier Hawkes.

– Har gjort ein kjempejobb

Det er Norsk Mottaksdrift som driv mottaka i Stryn og Hyllestad. Ronja Trolie, regionleiar i region Vest, seier det har vore ein tung dag.

Ronja Trolie

TRIST FOR BEBUARANE: Ronja Trolie i Norsk Mottaksdrift i region Vest seier det er trist for bebuarane når dei blir flytta frå mottaket. – Det er trist for samhaldet dei imellom og fordi dei har blitt godt kjent med dei tilsette, seier ho.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Desse mottaka vart opna midt i flyktningkrisa i fjor, og det er flotte tilsette som har gjort ein kjempejobb gjennom heile året, seier ho.

I Hyllestad er det 25 tilsette som mister jobben, medan seks tilsette i Stryn også må finne anna arbeid.

– Eg har møtt fleire av dei som har mista jobben. Dei tek det med fatning, men det er veldig trist. Dei er opptekne av at bebuarane skal ha det bra og at dei skal kjenne seg trygge fram til nedlegginga, seier Trolie.

For Norsk Mottaksdrift blir det viktig å jobbe for at bebuarane fram til nedlegginga 30. november skal ha ein så vanleg kvardag som mogleg.

– Mykje kan skje på tre månader på eit asylmottak. Nokon kan få opphald og bli busette i kommunane. Dei som bur der når mottaket blir lagt ned vil få mottaksplass andre stader, seier ho.