Hopp til innhold

22 nye innbyggjarar

Folketalet i Naustdal vaks med 22 personar i juni. Det skriv avisa Firda. Gunnar Garfors tok i juni til orde for at folk måtte flytte til kommunen og stemme på parti som er mot det planlagde fjorddeponiet. Ifølgje avisa er det ikkje sikkert det er noko samanheng mellom folkeveksten og oppmodinga til Garfors. Det er også usikkert om 22 personar vil vere nok til utgjere noko effekt på kommunevalet til hausten.