Hopp til innhold

22-åring omkom av skadane

22 år gamle Tor-Erik Grimeland frå Førde omkom laurdag av skadane han fekk i trafikkulukka onsdag kveld.

Utforkøyring i Førde

OMKOM: Bilen skar igjennom autovernet i Askvoll-krysset og hamna på taket i elva.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Det stadfestar politiet. Namnet er frigjeve i samråd med familien.

22-åringen var åleine i bilen då den på veg nordover skar over E39 og hamna på taket i Halbrendselva i Førde. Årsaka til ulukka er førebels ukjend. Ulukka vart meldt av tilfeldig forbipasserande.

Ulukkesgruppa frå Statens vegvesen var natt til torsdag på ulukkesstaden og gjorde sine undersøkingar.

Politiet ynskjer å høyre frå eventuelle vitne til ulukka, men før helga hadde ingen vitne meldt seg. Bilen, som var høvesvis ny, blir også undersøkt teknisk.

– Det er framleis for tidleg å seie kva som har skjedd. Vi må først få kommisjonen sin rapport på kva dei har funne av spor, sa konstituert lensmann i Førde og Naustdal, Magne Faleide, til NRK før helga.