NRK Meny

21 lensmannskontor i fare

Den interne arbeidsgruppa i Vest politidistrikt tilrår å legge ned 21 tjenestesteder og politistasjoner i Hordaland og Sogn og Fjordane. Politimester Kaare Songstad skal no vurdere forslaget, og sende sitt forslag på høring 14. oktober. Desse er føreslått nedlagde: Selje, Bremanger, Jølster, Askvoll, Hyllestad, Gaular, Balestrand, Luster, Aurland, Årdal eller Lærdal, Gulen, Solund, Osterøy eller Vaksdal, Austrheim, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Jondal. I tillegg blir Bergen nord, Bergen vest og Bergen sør politistasjoner avvikla.