Legane Rene Kløtz og Rune Muri ved Nordfjord sjukehus var måndag klokka halv elleve kalla inn på teppet til direktør i Helse Førde, Jon Bolstad. Dei to legane har opent kritisert leiinga i Helse Førde sine framlegg om å kutte i mellom anna akutt-kirurgi avdelinga ved sjukehuset på Nordfjordeid.
Støtte frå kolleger
Til saman 21 legar har no skrive under på ei støtteerklæring til opprørslegane. Dette oppropet er sendt til leiinga ved helseføretaket.
Kvifor legane måtte møte på direktørkontoret i Førde i dag, kunne ikkje dei to legane svare på. Dei ville heller ikkje svare på om dei no fryktar for jobbane sine.
Fakkeltog
Måndag kveld er det fakkeltog på Nordfjordeid til støtte for legane. Leiinga i Helse Førde er og invitert. Tillitsvald for sjukepleiarane, Marta Kjøllesdal, har håp om stor oppslutnad, og ho nøler ikkje med å gje si fulle støtte til opprørslegane.