21 dømde i omfattande dopsak

Lange fengselsstraffer, 374 000 inndregne kroner og 21 dømde er så langt resultatet av den store dop- og narkotikasaka i Sunnfjord.

Lisa Refsnes, Johan Brekke og Gunnar Englund

Politiet rulla i 2007 og 2008 opp eit landsomfattande dop- og narkotikanettverk. Opprullinga vart presentert under ein pressekonferanse i januar 2009.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Den strengaste straffa er på fire år og seks månadar fengsel . Ei sak er førebels avgjort med førelegg.

- Vi er nøgde med domane som har kome i sakskomplekset. Det er stort sprik frå ei lita medvirkarrolle til deis om har drive med omsetnad av narkotika og dopingmidlar, seier politiadvokat Lisa Førde Refsnes.

63 pågripne

Det var truleg fylkes største dop- og narkotikasak politiet presenterte under ein pressekonferanse i januar i fjor. Saka starta med eit beslag i Førde i 2007, enda 63 pågripne og opprulling av eit nasjonalt nettverk. Politiet beslagla narkotika til ein gateverdi på 55 millionar kroner, og anabole steroid til ein verdi av tre millionar.

Politiet i Sogn og Fjordane har behandla saker mot nær 30 personar i 20-30-års alderen. Av desse har 21 involverte fått rettskraftig dom.

- Er blitt høyrde

Politiet varsla strenge straffer i sakene. Det fekk dei. Sju av dei dømde i sakskomplekset i Sogn og Fjordane må sone over eitt år i fengsel. Fem personar må ut med bed bøter på mellom 3 000 og 10 000 kroner i bot for medverknad.

- Vi føler at vi er blitt høyrde når det gjeld våre argument både når det gjeld dei som har omsett, men også dei som har medverka, seier Førde Refsnes.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-SAKA)

Pressekonferanse på Sunnfjord hotell

- Har fått lite fokus

For politiet var det viktig med strenge straffer mot dei involverte.

Lisa Refsnes

Politiadvokat Lisa Førde Refsnes er godt nøgd med straffenivået i sakskomplekset.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Etterforskinga av sakskomplekset viser at det har vore lite fokus på dette med dopingmidlar og vi sit med eit inntrykk av at det ute er ei oppfatning blant folk at dopingmiddelverksemd straffast lågt og at det er lita oppdagelsesrisiko. Difor har vi også sett sterkt fokus på det. Vi har ei oppfatning av at pengar som blir tent inn på dopingmiddel ofte blir refinansiert i narkotika, seier Førde Refsnes.

Krev 1,1 million

Til saman har staten drege inn 374 000 kroner som politiet meiner 11 gjerningsmenn har tent på den ulovlege verksemda. På toppen av dette kjem sunnfjordingen som er omtala som den lokale hovudmannen. I Fjordane tingrett vart mannen dømd til inndraging av 600 000 kroner. Politiet anka. Dei krev 1,1 million kroner.

- Det skal ikkje løne seg å drive med kriminalitet. Vi har hatt fullt fokus på det og prøvd å følgje det opp så godt som mogleg. Det har ført til store inndragingsbeløp. Hovudregelen er at det er brutto forteneste som skal dragast inn, seier politiadvokaten.

Fem saker att

Ankesaka mot sunnfjordingen er ei av fem som politiet i Sogn og Fjordane ikkje har fått avgjort i rettssystemet. I tillegg gjenstår det to store saker mot menn i Bergen og Oslo.

- Fem saker er ikkje rettskraftig avgjort. Tre av dei har eit stort omfang. Det er eit mål å få alt avgjort før sommarferien, seier Førde Refsnes.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.