Varsla om oljenedtur og stagnasjon på Vestlandet slo ikkje til for store delar av næringslivet i Sogn og Fjordane. Låg kronekurs og gode prisar skapte veldige formuar i 2016.
Nedst finn du lista over årsresultatet i over 200 av dei største verksemdene i fylket.
Ervik Havfiske er eitt av fleire selskap som hadde tidenes år. Voldsomme 161 millionar kroner før skatt. Driftssjef Stig Ervik eig verksemda saman med tremenningen og teknisk sjef Kjell Magne Ervik.
– Det er eit resultat vi er veldig godt nøgde med. Det er gode prisar på fisken, svak krone, og oljeprisen har gått ned, seier Stig Ervik.
Nyleg opna den nye kontorfløya ved hovudkontoret. Lokala frå 2008 vart for små. Kontora skal snart fyllast opp med nytilflytta arbeidstakarar.
– Vi har tilsett nye folk som skal byrje snart, seier Ervik.
Tek heilt av innan sjømat
Det er innan sjømat at resultata har teke av. Kring om på øyar og i fjordarmar sit no familiar som har tent enorme formuar det siste året. Øvst tronar Ola Braanaas sitt Firda Sjøfarmer med eit resultat etter skatt på 257 millionar kroner.
Steinvik Fiskefarm i Flora, som er eigd av Inge og Alex Vassbotten, tok ut 150 millionar kroner i utbyte. Nyleg offentleggjorde dei planar for å utvikle det tidlegare Pelagia-mottaket i Florø.
Men den største innteninga hadde Fjord1. Florø-selskapet som no er overteke av Per Sævik tente 383 millionar kroner etter skatt. (Sjå heile lista nedst).
Kan vente ringverknader
Mangel på kapital kan bremse utviklinga i lokalsamfunna. Direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Bjørset, trur dei store inntektene vil gi ringverknader:
– Det er heilt avgjerande. Eigarane kan halde bedrifta ved like, og satse på nye område.
Investerer i lokalsamfunnet
Ervik Holding vil ikkje la pengane kvile. To nye linebåtar er under bygging. Ved skipsverftet Westmek er ny hall på plass. Dei investerer også 12 millionar i nytt hotell på Stadlandet ved serveringsstaden Furebuda.
I selskapsstrukturen er også salsselskap for kvitfisk, leverandørselskap til fiskeflåten, og eit rekneskapsbyrå. I alt jobbar mellom 350 og 400 menneske i konsernet.
– Eg og Kjell Magne kjøpte ein båt i 1987 for å ha arbeidsplassen vår. Så kjøpte vi ein båt til i 1992, og sidan har det berre ete på seg, seier Stig Ervik.
Skaffa nærbutikk til heimbygda
Lokalpatriotismen syner igjen på Stadlandet.
Begge eigarane er busette i Ervik. Der eig dei også nærbutikken i bygda. For å sikre drifta har Vestkapp Handel ansvaret for å levere mat og utstyr til båtane.
– Utan Ervik Havfiske hadde aldri butikken eksistert, eg er rett og slett stolt av selskapet, seier dagleg leiar Anne Liv Ervik.
Under finn du lista over åresultat etter skatt for dei over 200 største verksemdene i Sogn og Fjordane. (Berre verksemder med over 50 millionar kroner i omsetnad er med). Lista er per 09.08. og ut frå offentlege rekneskapstal, nye tal kan kome til. (Kjelde: Proff Forvalt)
Somme underselskap kan vere oppførte i tillegg til eigarselskap. Lista gjeld berre selskap som har hovudkontor i Sogn og Fjordane. Det betyr at t.d. Hydro i Årdal og Høyanger ikkje er med på lista. Finn du manglar send gjerne e-post til sf@nrk.no
(Alle tal i tusen)