Hopp til innhold

2016 var eit rekordår for Coast Seafood

Fiskeeksportøren Coast Seafood i Måløy hadde eit årsresultat etter skatt i fjor på 77,8 millionar kroner. Det er det beste resultatet i selskapet si 23-årige historie.

Sverre Søraa

PENT RESULTAT: Adm.dir. Sverre Søraa kan gle seg over rekordresultat og rekordomsetnad.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det kom etter ein rekordstor omsetnad på 4,27 milliardar kroner, noko som er nesten 30 prosent meir enn året før. Administrerande direktør Sverre Søraa seier det er dei høge lakseprisane som gjorde utslaget.

– Prisane i 2016 har vore dei høgste nokon gong, og vi er veldig godt nøgde med året. Når det gjeld volum har heile næringa vore i ein konsolideringsfase, så vi har konsentrert oss om å selje dei kiloa vi hadde, til ein høgare pris, og dermed blir også omsetnaden høgare.

Underskot på sild og makrell

I fjor brukte Coast Seafood 20 millionar kroner på å modernisere Måløy Seafood slik at dei kan ta imot 15.000 tonn makrell årleg. Søraa seier at dei held fram med satsinga på den pelagiske delen av verksemda.

– Det vart eit underskot i Måløy Seafood i fjor, og det kjem av at vi sleit med å få den nye produksjonslinja til å fungere 100 prosent. Men vi er endå meir entusiastiske framfor årets sesong, og då trur eg vi skal få alt til å fungere, så det ser vi fram til.

Søraa seier det er heilt naturleg for dei å ha sild og makrell i tillegg til laks og aure.

– Det er faktisk dei same kundane som kjøper begge delar, særleg gjeld det Asia og Aust-Europa. I tillegg er vi med på å skape lokale arbeidsplassar, og det er vi kjempestolte over.

Måløy Seafood

UNDERSKOT I FJOR: Måløy Seafood hadde minustal i 2016, men Sverre Søraa har tru på satsinga på sild og makrell.

Foto: Pressebilete

Satsar på mindre oppdrettsselskap

Sverre Søraa seier at Coast Seafood innan lakseoppdrett satsar på å vere den fremste eksponenten for dei uavhengige og mindre oppdrettarane.

– Vi valde heilt frå starten å satse på denne gruppa. Det var desse som starta oppdrettsnæringa tidleg på 1970-talet, og det var slik det var meint å vere, med små, familieeigde oppdrettsselskap langs kysten.

Dei siste åra har store selskap, både norske og internasjonale, teke over store delar av oppdrettsnæringa.

– Vi har likevel valt å satse på dei mindre, uavhengige oppdrettarane, og det har fungert for oss.

Vil bruke pengar på Måløy sentrum

Ein del av pengane Coast Seafood tener har Søraa tenkt å bruke på ei utvikling av lokalsamfunnet. Saman med andre næringsaktørar i Vågsøy syslar dei med planar om å få reist eit forretningsbygg, eit kulturbygg og eit hotell.

– Vi jobbar på spreng med å samle inn pengar til dette store prosjektet. Når vi har gjort unna ferien, skal vi i gang med forprosjektet.

Fleire med rekordresultat

Coast Seafood er ikkje det einaste selskapet innan oppdrettsnæringa som tente gode pengar i fjor. Avisa Firda kan i dag fortelje at Osland Havbruk i Bjordal hadde eit rekordresultat på 103 millionar kroner, medan Nordfjord Laks i Gloppen noterte seg for 53 millionar kroner.