Rekord på rekord gav toppår for reiselivet i Flåm

Det vart sett ny rekord både i talet på cruiseanløp og reisande med Flåmsbana. I tillegg hadde Fretheim Hotel kraftig vekst. Dermed noterer reiselivet i Flåm seg for eit nytt rekordår når dei ser tilbake på 2013.

«Independence of the Seas» i Flåm

MYKJE FOLK: Flåm hadde rekord i antal cruiseanløp i 2013. Her er det eitt av verdas største skip 'Independence of the Seas' som ligg til kai.

Foto: Arne Veum

Styreleiar i Aurland ressursutvikling, Sverre Tysland, stadfestar at Flåm har lagt bak seg ein historisk god sesong.

– Vi har hatt ein bra vekst i næringslivet i indre Sogn og Flåm. Det var bra vekst både i talet på cruisepassasjerar og reisande på Flåmsbana, samt god vekst i overnattingar på Fretheim Hotel, seier Tysland.

Flåmsbana hadde 720.000 passasjerar i 2013, noko som er ny rekord og ein auke på 13 prosent mot 2012.

Også vekst i salet på Aurlandssko

Talet på cruisepassasjerar auka med 35 prosent og Flåmsbanemuseet hadde ein auke på åtte prosent.

– Det var nær 20 prosent vekst i belegget på Fretheim Hotel. Og på rundtur med buss og båt på fjorden var det ein vekst på over 20 prosent, seier Tysland.

Også Aurlandsskoen hadde vekst i salet på 30 prosent.

– Den skoproduksjonen er mest for museumssak å rekne, fordi produksjonen også er open for publikum å sjå på. Samla sett var dette veldig bra, seier Tysland.

– Ikkje minst sett i samanheng med at reiselivet i Norge elles ikkje hadde nokon vekst i fjor, seier Tysland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rallarvegen og Flåmsbana

POPULÆRT: I fjor tok 720.000 personar Flåmsbana.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Har tilrettelagt og investert mykje

Han peikar på at det nok er fleire årsaker til at pilene peikar oppover i vesle Flåm.

– Fjord-Norge er populært, og Flåm, Aurland og indre Sogn som destinasjon og distrikt er populært. Det er godt tilrettelagt og investert mykje for reiselivet i dette distriktet, seier Tysland.

Aurlandsskoen

OPPTUR: Også Aurlandsskoen har hatt eit oppsving.

Foto: Visitflam.com

Dei siste åra har det vore investert mykje for å gjere Fretheim Hotel til eit topp moderne hotell. Difor er det ekstra kjekt å sjå at besøkstala her syner eit oppsving.

– Det er svært hyggeleg å sjå. Den veksten gjer at vi frå og med kommande vinter kan halde hotellet ope, slik at det vert heilårsope, seier Tysland.

Han fortel at Fretheim Hotel til no har hatt overskot i høgsesongen.

– Men lågsesongen er tyngre. Men pilene peikar rett veg, og belegget til no i år er framfor det vi hadde i fjor. Ordreinngangen er god til no, så det ser bra ut, seier Tysland.

Har lukkast i å få turistane til å bruke meir pengar

Han peikar på at ei viktig målsetjing er å gjere Flåm og Aurland til ein heilårsdestinasjon, og ikkje ein stad der det berre er liv og full drift sommarstid.

– 2013 har vore eit godt år for reiselivet i Flåm. Flåmsbana og satsinga trekkjer turistar som heile regionen nyt godt av. I tillegg har vi lukkast med å få turistane til å bruke meir pengar når dei er her, seier konsernsjef i Aurland Ressursutvikling, Solrun Hjelleflat.

At også Fretheim Hotel syner kraftig vekst, tykkjer ho er flott.

Solrun Hjelleflat

NØGD: Konsernsjef i Aurland Ressursutvikling, Solrun Hjelleflat, er nøgd med resultatet for 2013.

Foto: privat

– Vi har dei siste åra investert mykje for å gjere Fretheim Hotel til eit topp moderne hotell med dei fasilitetar som vert venta. Denne investeringa kastar no av seg gjennom ein vekst på heile 20 prosent samanlikna med 2012, seier Hjelleflat.

I 2013 har Aurland Ressursutvikling investert i nytt kundesenter, ny webportal, ny kulturpark og gjenskapinga av Bakkestova, no som kafé og møteplass.

Dette har vore viktige investeringar for å få fleire turistar og for å gje ei betre totaloppleving for dei turistane som er i regionen.

Men konsernet gjekk likevel i minus

Med NSB på eigarsida med 50 prosent i Flåm Utvikling, er dette dotterselskapet ikkje lenger ein del av det konsoliderte rekneskapen til Aurland Ressursutvikling AS-konsernet. Den rapporterte omsetnaden i konsernet er difor omtrent halvert til 61,6 millionar kroner.

Årsresultatet i konsernet vart – 1,1 millionar kroner i 2013.

– Resultatet for 2013 vart som venta. Vi har gjort store investeringar i produktet og vi har gjort marknadsinvesteringar som vil bidra til fleire turistar, også utanom hovudsesongen, seier Hjelleflat.

At konsernet fekk negativt resultat i fjor, uroar henne ikkje.

–Verksemda vår må, som alle andre, gå i pluss over tid. Men dette var medvite for 2013 fordi vi og eigarane våre meinte det viktigaste var å investere for vidare vekst. Den kraftige veksten vi ser i selskapa våre, og hjå andre reiselivsaktørar i regionen, syner at investeringane var viktige og riktige, seier Hjelleflat.